Går det an å vere så greinalause?

Når eg sat i trontaledebatten og høyrde på SP og næringsminister Vestre, må eg berre innrømme at eg synest synd på vårt næringsliv!

Sosialistane sitt mantra er å bruke andre sine pengar, og det ser ut til at privat næringsliv som skapar verdiane ikkje er viktig.

SP og Vedum har varsla omfattande skatt på havbruk og dette vil ramme Møre og Romsdal som næringsfylke brutalt. Utsettingar av investeringar har alt blitt varsla, og betre vart det ikkje når også kraftproduksjon skal skattleggast ytterlegare.

Tafjord kraft varslar utsetting på 100 mill. kr i investeringar, kraftverk over heile landet varslar det same.

Transport, bygg og anleggsbransjen er i kneståande pga. skyhøge drivstoffutgifter, og Vedum varslar «heile» 50 øre billigare diesel, rett og slett ei skam!

«SP og AP ser ut til å vere næringslivet sin verste fiende, og det er trist at dei ikkje har fått med seg at det er privat næringsliv som skapar verdiane her i landet»

Verdiar som vidare kan brukast til offentlege tenester og forbruk.

SP og Vedum har blitt sosialistar av verste sort, og når dei lar SV styre «butikken» så går det gale!

Vi tel ned kvar ein dag til neste val, SP og resten av sosialistane har vist kva dei står for, SP og AP i praksis!