Eit overskot som i fjor var 6,5 milliardar kroner går uavkorta til idrettsglede, anlegg, kultur, redningshundar, frivilligheit, beredskapsarbeid og helseformål. Det ønskjer Høgresida å rasere, ved å avvikle Norsk Tipping og tillate utanlandske spelselskap. For Arbeidarpartiet er det viktig å hegne om einerettsmodellen, der Norsk Tipping har monopol på å tilby pengespel i Noreg. Målet er at pengespel blir tilbode i trygge og ansvarlege rammar, for å forhindre spelproblem, og dessutan at overskotet går tilbake til samfunnet. Derfor har vi teke fleire grep: Vi har vedteke ei ny pengespellov der mellom anna utanlandske spelselskap ikkje lenger kan marknadsføre og reklamere for spela sine her til lands.

No vil Ap/Sp-regjeringa også blokkere utanlandske spelenettsider. Dette er høgresida imot. Frp ønskjer nemleg å avvikle heile Norsk Tipping og einerettsmodellen!

For dei 75 åra Norsk Tipping har eksistert, har samla overskot på 183,5 milliardar kroner gått tilbake til fellesskapet (prisjustert til 2021-verdi). Blant pengane har over 80 milliardar kroner gått til idretten: Til idrettsbanar, hallar og rom for aktivitet for barn og unge og gitt grunnlagt for gode og inkluderande lokalsamfunn.

Hadde Frp fått det som dei ville, ville idretten risikert å miste 80 milliardar i støtte dei neste 75 åra. Truleg meir, då dei siste ti åra har overskotet auka med over 50 prosent.

Dette gjer at her i Møre og Romsdal kan det byggast mange anlegg. Spelemiddel som brukast på anlegg, som Spjelkavik Arena og Kristiansund klatreanlegg. Dette er to av mange eksempel på at det skapast aktivitet i heile Møre og Romsdal.

Eit anna døme er Redningsselskapet. Av dei totale inntektene deira kom 188,9 millionar kroner frå overskotet frå Norsk Tipping i 2023. Ein kan med rette seie at desse pengane kvart år blir brukt til å redde liv langs heile norskekysten.

Vi har fleire gonger prøvd å få Frp til å stille til debatt om spelemonopolet, for å vise fram kva dei står for, men dei nektar å stille. Kanskje ikkje så rart når dei veit konsekvensane: Å ønskje spelavhengnad velkomme, ein haug med spelereklame og uansvarleg, profittbaserte spelselskap – kvar overskotet går til utanlandske eigarars eigne lommer.

Arbeidarpartiet vil gratulere Norsk Tipping med 75-års jubileum i år, og som ei hyllest til einerettsmodellen og det norske samfunnet vil vi no blokkere utanlandske spelselskap på nett.