Advent er ei fin tid. Folk pyntar hus og heim med stjerner og lys som gjev mykje hygge og atmosfære no når vi berre har dagslys i nokre få timar. Dei som bur på Kjølås i Stranda har i fleire år gått saman og gjort ein ekstra innsats for å skape julestemning. Ta deg ein tur dit ein kveldsstund om du vil sjå noko vakkert!

Men jula handlar om meir enn lys, nissar, mat og gåver – og alt det andre som dominerer i desember. Det er ein religiøs høgtid som vi her i landet har feira i meir enn tusen år. Av den grunn er det viktig at barna får eit innblikk i kyrkja sitt liv og meir kunnskap om ein viktig del av den norske kulturarven.

I to år har pandemien vore eit hinder for å invitere skulebarn til gudsteneste før jul. Derfor er eg glad for at kyrkja igjen kan gi dette tilbodet til alle grunnskulane i Stranda kommune, og har von om at det same gjeld i alle andre kommunar i fylket. Eg er overtydd om at skulane tek imot invitasjonen med glede.

Deltaking i ein julegudsteneste er ein naturleg del av undervisninga i dei verdiane det norske samfunnet bygger på. Å lære om trusliv og seremoniar bør vere ein del av dette. Det har ikkje vorte mindre viktig i eit fleirkulturelt samfunn. Vi skal møte andre sine livssyn med respekt. Då er det ein stor føremon å kjenne vår eigen kulturarv.

I 2016 var det debatt om skulegudstenestene på Stortinget. Dåverande statsminister Erna Solberg var tydeleg på at ingen elevar skal verte pålagd å delta viss dei føresette ikkje ynskjer det. Men ho la til at «det blir rart om vi skal tilpasse oss så mye at vi unnlater å ta med den viktigste delen av hvorfor vi feirer jul». Det er eg samd i. Mister vi dette bandet er det eit brot med vår historie og identitet.

Dei som har eit anna syn, og ikkje vil at barna deira skal vere med i kyrkja, skal møtast med respekt. Det er skulen si oppgåve å syte for at dei har eit godt alternativ. Skulen skal ikkje drive forkynning, men heller ikkje gøyme bort det religiøse.

Alle i kyrkja og på skulane som tek del i førebuing og gjennomføring av skulegudstenester og alternative opplegg, fortener takk for arbeidet dei legg ned. Skulegudstenesta før jul er ein god og meiningsfull tradisjon.