Kollektivknutepunktet vart vedtatt som ein del av områdeplanen for sørsida i 2015. Kollektivknutepunktet var knadd, utgreidd og analysert av tunge fagmiljø i fleire rundar, før byggesaka kom til behandlinga i Planutvalet i desember 2022.

Ettersom saka er utsett to gonger kjem den opp til behandling på nytt i Plan- og byggesaksutvalet sitt møte 14. februar 2023. Ei ytterlegare utsetting vil bremse framdrifta både for Bypakke Ålesund og for utbygging av Ålesund sentrum si sørside.

Solide vurderingar

Kollektivknutepunktet vil gi ei raskare framføring av bussane og frigjere utbyggingsareal der rutebilstasjonen er i dag. Dei faglege vurderingane som no ligg til grunn er meir enn solide nok til å fatte eit vedtak - og komme vidare.

Etter at sørsideplanen vart vedtatt i 2015 gjorde Statens Vegvesen (2016-2017) i samarbeid med Ålesund kommune ei detaljert vurdering av trafikkflyt og sporing av bussar til og frå kollektivknutepunktet.

Seinare kvalitetssikra Structur Oslo AS dette arbeidet. Til slutt har Rambøll vurdert utbyggingsplanen for kollektivknutepunktet i forhold til trafikksikkerheit, framkome for buss og varelevering i området.

Dette er landsleiande fagmiljø innanfor by- og trafikkplanlegging.

Mange omsyn

Ein slik plan må vege mange omsyn opp imot kvarandre. Parkering og varelevering er eit svært viktig tema, og planen legg opp til to soner for vareleveransar tett på kollektivknutepunktet.

Vareleveringa kan styrkast ytterlegare – ved at taxihaldeplassen i Kipervikgata kan nyttast til varelevering fram til 13.00. Dessutan vil det vere mogleg for mindre varebilar å stoppe langs fortauet ved opninga til Korsatunnelen.

Full stopp for kollektivknutepunktet er å dra i handbrekket for sentrumsutviklinga. Vi kjem ikkje vidare om alt skal vere som før.

Kollektivknutepunktet er eit av mange gode prosjekt i bypakken.

Foto: Skisse, utlånt av Ålesund kommune

Og som dei andre prosjekta heng det saman med resten av bypakkeutbygginga. Det er derfor det er ein bypakke. Fordi det er ei samling tiltak som heng saman og som drar i same retning.

Meir aktivt sentrum

Ei av målsettingane er meir aktivitet i sentrum. Fleire arbeidsplassar og fleire bustader i Ålesund sentrum. Då er gode, trivelege byrom og eit raskt kollektivtilbod til og frå jobb og campus avgjerande.

Så er også butikkane ein del av denne kabalen, og utbyggingssaka for kollektivknutepunktet er opptatt av dette. Varelevering er viktig - samtidig som vi vil utvikle gode utrom, som gjer at folk oppsøker denne delen av byen, og dermed også blir potensielle kundar.

Vi har grunn til å tru at den handelen som går tapt på grunn av tapte parkeringsplassar til kollektivknutepunktet - vil bli meir en kompensert av nye kundar - nettopp på grunn av kollektivknutepunktet.

Denne saka er knadd av ulike tunge fagmiljø heilt sidan 2015. Eg meiner vi bør ha tillit til det grundige arbeidet som er gjort og komme eit steg vidare i utvikling av Ålesund sentrum. Full stopp for kollektivknutepunktet er å dra i handbrekket for sentrumsutviklinga.

Vi kjem ikkje vidare om alt skal vere som før.