Det er fleire negative konsekvensar av såkalla fritt skuleval. For det første gjer det at ungdom på 15 år risikerer å måtte flytte på hybel langt unna heimen sin for å kunne gå på vidaregåande skule fordi dei ikkje kjem inn på nærskulen sin, og ofte gjeld dette elevar som går yrkesfag. Dette gjeld særleg dei i byområda kvar presset på skuleplassar er høgare enn i distrikta, t.d. i Ålesund og Molde.

Statistikken som fylket la fram for 2022 viser høg grad av gjennomføring på 82,8% i dei vidaregåande skulane for 2015-kullet, som vi skal vere godt nøgd med. Likevel ser vi at gjennomføringa på yrkesfaglege linjer er denne statistikken noko lågare med ei gjennomføringsprosent på 76,7% for jenter, og 73% for gutar.

For det andre ser vi år etter år at dei vidaregåande skulane i distrikta lev med ein konstant trussel om kutt i studietilbod når fylkesbudsjett i Møre og Romsdal skal handsamast. Dette rammar stort sett dei yrkesfaglege linjene hardast då dei er dyrast å drifte. Dette til tross for at næringslivet skrik etter lokal arbeidskraft, og statistikk peiker på at Noreg vil ha for få med yrkesfagleg bakgrunn frå vidaregåande skule i dei åra som kjem.

Nærskuleprinsippet er eit trygt og stabilt prinsipp å styre etter, og det ekskluderer ikkje moglegheita til elevar å søke seg til ein annan skule utanfor skulekretsen sin om linjetilbodet ikkje fins i nærområdet eller sosiale omsyn takast inn. Nærskuleprinsippet er med på å gi gode, stabile, desentraliserte tilbod til ungdommar i heile fylket og bidreg til levande distrikt og næringsliv – og til at færre elevar må flytte på hybel.