I dag vert storparten av den spesialiserte rehabiliteringa utført av private leverandørar. Muritunet i Valldal, er eit typisk døme på ei slik verksemd/institusjon. I dag vert drifta av desse sentra i all hovudsak finansiert av dei regionale helseføretaka gjennom anbod og tenestekjøp, men nyleg har helseføretaka varsla at dei vil «gjere jobben sjølv».

Det betyr store kutt i tenestekjøp frå private leverandørar. Når inngåtte avtalar vert oppsagde og aktiviteten trappa ned, betyr det at tusentals kompetansearbeidsplassar i distrikta står i fare for å bli avvikla.

Dette er dramatisk for pasientar, dramatisk for tilsette og dramatisk for distriktskommunar der slike senter er hjørnesteinsbedrifter.

Årsmøtet i Fjord senterparti ber no om at denne saka vert løfta opp til den sentrale partileiinga og regjeringa, med krav om at helsestatsråden grip inn overfor helseføretaka. Dette med bakgrunn i at verken sjukehusa eller kommunane i dag har moglegheit til å ta over denne delen av rehabiliteringa.

Kravet har fått støtte i fylkesstyret til Møre og Romsdal Senterparti, som og har fått ein resolusjonstekst frå Fjord senterparti på bordet til årsmøtet i mars. Den lyder slik:

Kutt i kjøp av private rehabiliteringstenester

Dei regionale helseføretaka har nyleg varsla at dei vil seie opp avtalar og kutte drastisk ned på kjøp av spesialiserte rehabiliteringstenester frå private tilbydarar. I Noreg finst det eit 50 – tals private institusjonar som leverer spesialiserte rehabiliteringstenester på oppdrag frå dei fire helseføretaka Behandlinga er spesialisert i den forstand at ho skjer over tid, dvs. med overnatting i 1–4 veker, og at mange fagprofesjonar jobbar saman i team inn mot pasientane.

I Møre og Romsdal fylke er Muritunet i Valldal den einaste private tilbydaren av slike tverrfaglege tenester. Muritunet er ei «ideelle bedrift», noko som betyr at eigarane ikkje tek ut utbytte. Institusjonen sysselset 90 personar der to av tre er kvinner, og har ein årleg omsetnad på om lag 80 millionar kroner. Over 90 prosent av pasientane kjem frå eige fylke.

Dersom Muritunet blir avvikla, betyr det at eit tusental pasientar frå nord til sør i Møre og Romsdal mistar eit nødvendig behandlingstilbod, at nesten hundre menneske i ei næringssvak kommune blir oppsagde og at spesialisert kompetanse vert sentralisert. Situasjonen er analog i alle dei fire helseføretaka.

Nedbygginga er ein utilsikta konsekvens av at styra i helseføretaka har eit demokratisk underskot, at dei har svært vide fullmakter og at omsynet til balanse i økonomien trumfar alle andre behov.

Møre og Romsdal senterparti meiner at regjeringa straks må stoppe den øydeleggande prosessen som no er varsla. Det kan skje ved at helseministeren grip inn overfor helseføretaka, med krav om at varsla kutt vert reverserte, og at løyvingane vert vidareførte minst på det nivå dei var før varsla om kutt gjekk ut.