Mange trur det er lønnsinntekta som står på skattelistene, andre trur det er inntekta etter skatt. Det er viktig å få fram er at skattelistene ikkje viser kva naboen eller ein kollega tener. Men mange trur det. Tal som kjem fram er nettoinntekta etter frådrag

Det har undra meg i mange år at journalistar ikkje kan forklare kva tala som kjem fram eigentleg viser. Skattelistene viser netto skattbar inntekt, og den kan vere ganske forskjellig ifrå lønnsinntekta.

Du får nettoinntekt (alminneleg inntekt) når du tar samla inntekt som du betaler skatt av, altså lønsinntekt, leigeinntekt, renteinntekt og aksjeavkastning, minus alle frådraga du har krav på. Med ei nokså normal lønnsinntekt på rundt 600.000 kr er desse frådraga normalt på mellom 100.000 og 200.000 kr som du kan plusse på for å finne lønnsinntekta. På høgare lønnsinntekter kan desse frådraga vere vesentleg høgare.

Nettoformue betyr formue etter skatteverdi, men dette gir ikkje eit rett bilde av kva folk eig. Netto formue viser ofte berre ein brøkdel av dette. Dei fleste i Norge har ikkje nettoformue.

Berre 25 prosent av marknadsverdien på bustaden din er med i formues utrekninga, berre 30 prosent av tilsvarande verdi på fritidsbustad (i skattemeldinga for 2022 er samtidig formues verdien på fritidsbustader oppjustert med 25 prosent) og 95 prosent av verdien på sekundærbustad. I tillegg er 75 prosent av aksjebehaldninga din med i vurderinga av formuen for 2022 og 100 prosent av det du har på konto og i rentefond. Og skal du finne formuen du skatta av må du trekkje ifrå gjelda.

Og dersom dette minus gjeld blir meir enn 1,7 millionar kroner må det betalast 0,95 prosent skatt på beløp opptil 20 millionar kroner. Og 1,1 prosent på det som overstige 20 millionar kroner.

Den reelle formuen til folk som blant anna bladet Kapital prøver å få fram, er ofte mange gonger høgre enn likningsformuen. Spesielt gjeld det for dei som har investert mykje i eigedom.