Der stilte Noreg med sitt beste mannskap, statsministeren og klimaministeren, og fleire til. Dei såg fram til å fortelje verda kor flinke Noreg er. Noreg fekk ikkje taletid. Taletid var reservert dei som hadde «noko konkret å kome med». Det hadde ikkje Noreg.

Innan 2030 må mykje vere gjort. Ikkje berre talt, men gjort. Å gje opp prosjektet vil vere flaut. Jobben må gjerast.

Nyleg har landet vald nye kostar til å styre kommunane og fylka fram til 2027, over halve tida vi har igjen til 2030. Det er vel dei vi må lite på om det skal bli noko. Fylke og kommunar, tar de utfordringa?