Kommunedelane Vatne/ Tennfjord, Skodje og Ørskog opplever eit stigande folketal. For å nå klimamåla og nullvisjonen for drepne og skadde, må gode gang- sykkelvegar og kollektivreiser i desse kommunedelane prioriterast og koordinerast med ny trase for E39.

Knyt saman knutepunkta Vatne/ Tennfjord, Skodje, Sjøholt og Digerneset med gang- og sykkelnettverk, og bruk overskotsmasse frå tunnelane til bygginga. Dette vil binde lokalsamfunna langs E39 betre saman, og mange arbeidsplassar vil då kome i sykkelavstand for arbeidstakarane.

Dette vil trygge mjuke trafikantar, redusere bilbruk og bidra mot nullvekstmålet. Området har stor trafikkbelastning og ein geografi som gir gode forhold til syklande når gang- og sykkelvegen er etablert. Dette er folkehelse, tilrettelegging for vidare utvikling, og ikkje minst berekraftige transportval.