Med rundt 200 000 immigrerte muslimar dei siste rundt 20 åra – og fleire kjem – er islam eit aktuelt tema også i lokalpolitikk. Så eg var politisk ukorrekt nok til å stilla dei spørsmål om deira innstilling til den delen av innvandringa.

Eg fekk svada om at vi treng arbeidskraft, at vi skal ta mot dei som er i naud (noko ikkje alle innvandrarar er) og at ein religion er like bra som ein annan. Særleg stod venstresida på det, medan ytre høgre var litt reservert. Eit par på venstresida vart faktisk småsure, då dei merka eg har kunnskap om religionen, og også har sett den litt frå innsida, etter reiser i fleire muslimske land, men likevel ikkje godtok politisk korrekt kunnskapsløyse som svar.

Det som slo meg – men ikkje undra meg – var at dei har overflatiske, klare meiningar, men at ingen hadde lese Koranen, så ingen har kunnskap om grunnlaget for og ideologien og moralkodane i islam (vel, ein på høgresida sa han hadde lese litt).

Faktum er at på nær to år har eg møtt ein einaste politikar – ein lokalpolitikar i Sogn – som sa han har lese Koranen. Korleis kan vi ha tillit til og respekt for politikarar med klare og "korrekte" meiningar, som trass i den sterke straumen av slike innvandrarar, ikkje har brydd seg med å skaffa seg i det minste den lett tilgjengeleg basiskunnskapen Koranen gjev? Ideologien. Moralkodane. Den omfattande religionsbaserte rasisme. Den klare anti-integreringa. Dei mange feila i den. Dei vide reglane i islam for lovleg uærlegdom.

Islam er så spesiell, og Koranen så avvikande frå dei fleste bøker/historier som er grunnlag for ein religion, at ein ikkje ukritisk kan legga dei to i skuff med andre.

Les dei Koranen, ser dei og ordrane om å erstatta vår kultur med islam og med islam sine religiøse Sharia-lover – inkludert ved hjelp av vald eller uærlegdom. Så interesselaust for norske politikarar, at dei ikkje gidd lese boka, så dei veit kva dei snakkar om og skal ta stillingar til.