Synspunkt om EØS-avtalen:

«NHO overser fleirtalet av norske arbeidsplassar»

Eksport: Forfattaren av innlegget meiner at NHO fokuserer for einsidig på eksportnæringane sine interesser i si vurdering av konsekvensane av TiSA-avtalen. Foto: Staale Wattø 

Eit stimulerande verkemiddel kan vere drepande dersom doseringa blir for kraftig – også i ein slik økonomisk samanheng

Odd Tarberg
Leserinnlegg

Innlegg av Odd Tarberg. 

Det er meir og meir forunderleg at Næringslivets Hovedorganisasjon, NHO, kan halde fram med å oversjå interessene til fleirtalet til sine medlemsbedrifter og fleirtalet av norske arbeidsplassar.

Leiarane i NHO argumenterer ukritisk for deregulert internasjonal frihandel som om alle norske bedrifter skulle produsere for marknader i utlandet.

Faktum er at berre knapt 2 av 10 arbeidsplassar i Norge er å finne i konkurranseutsett sektor. (Kjelde: SSB Rapporter 58/2013 )

No sist er det regiondirektør i Møre og Romsdal, Torill Ytreberg, som i denne avisa den 27. februar, demonstrerer NHO sitt totalt einsidig fokus på eksportnæringane når ho vil framstille EØS-avtalen som ei udiskutabel velsigning.

Der skriv ho ma at «EØS-avtalen gjør at bedrifter frå Møre og Romsdal kan konkurrere om offentlige innkjøp i for eksempel Tyskland – på same forutsetninger som tyske.»

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Dette er vel og bra, men ho let vere å nemne at det same gjeld den andre vegen:

Langt fleire norske bedrifter er truga av ein tidvis øydeleggande konkurranse frå alle dei andre EØS-land sine bedrifter, som på tilsvarande vis har den same tilgangen til den norske marknaden.


Kronikk om EØS-avtalen:

«Den tredje EU-kampen er i gang»

Avslørande nok har Ytreberg også med eit avsnitt som indirekte, men svært tydeleg, demonstrerer kva næringar det er NHO bryr seg om: «De som har sine arbeidsplasser i våre eksportnæringer bør kanskje være mest opptatt av hvor avgjørende EØS-avtalen er for å trygge arbeidsplasser i fremtiden.»

Fleire sentrale leiarar både i verftsnæringa og i bygdenæringa har faktisk det siste året uttrykt uro for den urimelege konkurransen norske bedrifter møter frå utlandet, med stygge eksempel på sosial dumping og flytting av fagmiljø ut av landet som resultat.

Når dette er eit spørsmål som burde interessere fleire enn underteikna ekstra sterkt, så er det fordi regjeringa og NHO er svært så ivrige etter å få Norge inn i ein ny og endå meir forpliktande handelsavtale for tenestesektorane, nemleg TiSA-avtalen.

Ein avtale som uttrykkeleg og i endå større grad vil redusere det nasjonale politiske handlingsrommet ved å styrke utanlandske bedrifter sin konkurransesituasjon inn på dei ulike nasjonale marknadane.

Denne avtalen, som dekker eit område som er to-tre gongar så stort som EØS(!), vil forsterke dei problema som vi har sett at norske bedrifter for eks i transportsektoren og i bygdenæringa alt no erfarer gjennom EØS. Også når det gjeld TiSA-avtalen, har NHO-leiinga sentralt demonstrert sitt einøygde fokus på eksportnæringane sine interesser.

Les flere kronikker på smp.no!

Då NHO skulle få gjort ein rapport om « Omfang og betydning av handel med tjenester for Norge – med et særlig fokus på TiSA-avtalen», då gjekk dei typisk nok til eit analysebyrå som ser heilt bort frå den delen av næringslivet som TiSA blir kritisert for å skade, dvs. dei norske bedriftene som leverer til den norske innanlandsmarknaden.

Menon Economics vedgår i forordet til rapporten at «Denne rapporten fokuserer i all hovedsak på å beskrive den norske tjenesteeksporten og hvilke muligheter som skapes gjennom reduserte hindre for tjenestehandel».

Det er fantastisk å sjå at den trusselen overfor norske bedrifter som eit hardare konkurransetrykk frå utlandet som TiSA-avtalen vil føre til, heilt blir oversett i ein slik rapport!

Sjølv om ein viss grad av konkurranse kan vere stimulerande i ein marknad, så har det seg nemleg slik at eit stimulerande verkemiddel kan vere drepande dersom doseringa blir for kraftig – også i ein slik økonomisk samanheng…

Dersom folk flest og fleire av politikarane våre, var klar over dei stygge konsekvensane ein TiSA-avtale kan få for norsk arbeidsliv, då ville denne avtalen straks blitt eit eksplosivt hovudtema i den komande valkampen.

Sjølv om tilhengarane av avtalen gjer sitt yttarste for å legge lokk på debatten om TiSA, så er vi etter kvart mange som prøver å få den ut i eit «lys den vil tòle dårleg».

Odd Tarberg
Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.