Når represententantskapet i ÅRIM i april i år vedtok å starte innsamling av matavfall, var dei kjent med at netto energivinst ved å materialgjenvinne matavfallet var låg samanlikna med energigjenvinning.

Men dei var også kjent med fleire fakta:

Når vi materialgjenvinn matavfallet, får vi i tillegg til energi i form av biogass også biogjødsel. Denne gjødsla inneheld mykje næring, NTNU rekna ut at matavfallet frå innbyggarane i Ålesundregionen inneheld næring nok til å produsere ein million brød kvart år. Biogjødsla erstattar bruk av kunstgjødsel og uttak av torv, noko som gir store klimagassreduksjonar.

Difor gjer kvar enkelt innbyggar ein viktig innsats for klima og miljø når vi sorterer avfallet.

Innføring av meir kjeldesortering i Ålesundregionen er eit lite steg i det som på verdsbasis blir kalla sirkulærøkonomien. I framtida skal vi utnytte ressursane betre, og difor kaste mindre mat. Men den maten som likevel blir kasta, skal utnyttast best mogleg.

ÅRIM vil ønskje Skålvik lukke til med kjeldesorteringa.