Ytring om innhaldet i skulegudstenester:

«Å minnast Jesu fødsel det blir for sterkt i eit fleirkulturelt samfunn»

Tida går mot jul også for dette året. Det er noko vi skal merke oss på denne tida. Striden om skulegudstenesta som avslutning på skulehausten.

KRISTEN HØGTID Allah og Koranen har ingenting i ei skulegudsteneste å gjere, meiner Kjell Furnes. Biletet er frå ei julegudstjeneste Volsdalen kirke i Ålesund.   Foto: Foto: Andrè Pedersen

Leserinnlegg

Den kjem som ei «torebye» både over borna, skuleadministrasjonen og foreldra.

Skal det vere ei gudsteneste, eller berre som ein avslutningsfest for hausten?

Vi veit at skulegudstenesta har hatt ein rik tradisjon gjennom fleire tiår.

Men no har tidsånda teke grep.

Å minnast Jesu fødsel det blir for sterkt i eit fleirkulturelt samfunn.

Ein skule i Hordaland har i år funne på noko «lurt». Ein skal lese opp både frå juleevangeliet og Koranen under gudstenesta. Hermed så tek ein brodden av bodskapen om at vi feirar at ein frelsar vart fødd inn i menneskeslekta. Nei, ein «dialog» mellom den kristne tru og islam bør vere løysinga. Ein dialog ja, men må det då ikkje vere noko grunnleggjande felles som dialogen skal knytast til?

No er det slik at det er ein milevis avstand mellom islam og den kristne tru.

Islam avviser at Jesus Kristus er verdas frelsar. Nei, Jesus er berre ein profet ved sida av Muhammed. Og Allah har ingen son! Vår Gud har ein son, Guds einborne son, Jesus Kristus. Vår Gud er kjærleikens Gud. «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne» Men kva med Allah? Les om «Krigens hus.»

Det vi bør merke oss i dag er at der er sterke åndskrefter som vi underminere det samfunnsfundamentet våre forfedrar bygde fellesskapet på.

Grunnlova frå Eidsvoll var sterkt prega av kristen tru og åndeleg substans. I dag er kristenopplæringa stort sett borte frå skuleverket.

I eit fleirkulturelt samfunn kan ikkje kristendomsopplæringa ha eit fortrinn blir det hevda.

Men er det då slik at ca. 4 prosent av folket skal diktere resten? Tør styresmaktene ta ei folkeavrøysting om kristendomsopplæringa sin plass i grunnskulen?

Eg trur dei ville få eit klart svar. Lat oss stå opp for vår velprøvde kristenarv og gi vår etterslekt ein grunnvoll å bygge livet på.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!