Innlegg om helsepolitikk:

«Ja takk til Volda sjukehus»

Volda sjukehus.  Foto: Knut Arne Aarset

Leserinnlegg

VG har på framsida av avisa nyleg fortalt at Volda sjukehus er best i landet på å gje rask hjelp etter hjerneslag. Frå før veit vi at Volda er i tetsjiktet i landet på fødselsomsorg. Sjukehuset scorar òg høgast i heimfylket på kor nøgde pasientar og pårørande er med sjukehuset. Eit lite sjukehus er like bra til å handtere akutte situasjonar og traume som det store sjukehus er.

Sjukehuset har dyktige fagfolk i alle ledd som samarbeider særs godt på tvers av avdelingane. Rekruttering av nye legar er ikkje noko problem. Gong etter gong kjem det forsking og undersøkingar som syner kor gode lokalsjukehusa er. Utan lokalsjukehusa hadde mange døydd eller fått livsvarige mèn.

Nye skisser til diskusjon:

Slik kan «nye» Volda sjukehus bli

Helse Møre og Romsdal har gått vekk frå tankar om ikkje utvide Volda sjukehus i areal. No legg dei fram tre nye skisser med tilbygg som skal diskuterast.


Det er på høg tid at dei som sit og styrer i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg innser at det ikkje er storleiken på sjukehuset som avgjer om sjukehuset er levedyktig men folka som arbeider der og deira evne til å samarbeida til det beste for pasientane. Det er viktig at folk veit at det er tida frå ein vert sjuk eller skada til ein får hjelp som er avgjerande og ikkje at sjukehuset er høgt og breitt. Utviklingsplanen til helse Møre og Romsdal bør ein gong for alle spegle verkelegheita og vise at Volda er like viktig akuttsjukehus som det dei andre sjukehusa i fylket er.

Til slutt vil eg leggja til at det rett og slett er latterleg at dei som sit og styrer i helseføretaket har teke vekk pasientar og pårørande sitt kiosktilbod ved sjukehuset i Volda.

Helse Møre og Romsdal

Kjempar for helsa

Planen for kva retning Helse Møre og Romsdal skal gå fram mot 2022 er ute på høyring. Sunnmørsposten har plukka ut nokre av innspela, sett frå Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, der det i dag er sjukehus.


Sissel Anita Øyen Hareide
Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.