Undersjøiske tunnelar kan framleis vere den beste løysinga, som Ellingsøy-/Valderøytunnelane var rett løysing til rett tid. Vi kan vere glade for at det vart gjort store framsteg i fjellboring i den tida. Flytetunnel («Lorgentunnelen») var ikkje mogen for realisering den gongen, men kan vere eit meir realistisk alternativ til undersjøisk tunnel i dag. Men vi må stikke fingeren i sjøen og sjå kvar vi er, og kva slags løysingar som er mogeleg, og den beste lokalt. Ikkje minst må vi sjå på kva slags trafikkbilete det er tale om.

Dersom vi låser oss til ei bestemt løysing, og nektar å sjå opp og fram og til sides, og ikkje prøver å vurdere ny kunnskap, så risikerer vi å ta i bruk gårsdagens løysingar. Desse kan vere både dårlegare og dyrare, slik vi risikerer når det gjeld Møreaksen. Dette er vel heile poenget!

Å vekte argumenta på ein sakleg måte er ikkje enkelt om vi har bestemt oss for ei løysing, og særleg dersom politiske prosessar har skapt forventningar til ei bestemt løysing. Det er her sterke og rakrygga politikarar og planleggjarar skil seg frå dei svake og krokrygga. Til dei som har fått tunnelsyn og manglar evne eller vilje til å tenkje nytt, så vil eg seie at ei GOD løysing er betre enn ei RASK løysing.

Dersom det er rett at byggjekostnader, vedlikehaldskostnader, forureining, tryggleik (brann), transportøkonomi, turisme og trivsel for dei reisande kan vere sterke argument for Romsdalsaksen, så vil det vere ubegripeleg dumt og korttenkt ikkje å vurdere dette alternativet på ein seriøs måte. Og det som då blir fastlandssambandet frå Nordmøre og Romsdal til Åndalsnes og vidare sørover blir kortare enn gjennom Møreaksen.

Som det vart gjort med Ellingsøy-/Valderøytunnelane, så må vi også i dag vurdere dei løysingane som er mogelege i dag. Her må særinteresser vike for samfunnsinteresser.

Skulle det bli nokre minutt lenger reisetid mellom Molde sentrum og til Ålesund, så kan dette vise seg å vere ein liten pris å betale dersom Romsdalsaksen har dei nemnde fordelane.

Det verste som kan skje er at billettprisane blir så høge, at mange vil sjå seg nøydde til å finne alternative og mykje lenger reiseruter. Omsynet til Otrøya (og Gossen) har eg forståing for, men ikkje som ein del av Kyststamvegen. Til det blir ulempene for store. Vi skal ikkje langt aust om Molde sentrum før avstandane sørover langs Kyststamvegen blir om lag dei same for begge alternativa, til dømes ved det veksande industriområdet Årødalen. Likeins avstanden til Fræna kommune.

For at vi ikkje skal spare oss til fant, må Staten ta rekninga med å greie ut Romsdalsaksen. Elles er eg redd at fylkespolitikarane brukar fylkesøkonomien på ein kortsiktig måte til å sjå bort ifrå Romsdalsaksen.

Med helsing frå ein sunnmøring i eksil på Nordmøre som av og til tar omvegen via Atlanterhavsvegen på sin veg mellom Tustna og Molde, Ålesund, Valderøy og Vigra. De forstår nok kvifor.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!