På styremøtet den 12. juni i HMR vart sjukehusa omdefinerte til butikk. For ei fornærming mot alle oss fagpersonane som dagleg driv rein pasientbehandling. Og for ei nedlatande haldning overfor alle pasientane. «Å følgje budsjettet, det er slik vi er nøydd til å drive ein butikk», sa styreleiar Ingve Theodorsen.

No må du gripe inn helseminister og hindre at Møre og Romsdal sitt helsevesen vert sentralisert vekk og eksisterande fagkunnskap vert skadelidande.

Ser du helseminister at dette ber den vegen høna sparkar?

Har eg tillit til styreleiaren? NEI. Har eg tillit til konst. direktør? NEI. Har eg tillit til adm.dir. i Helse-Midt? NEI. Har eg trua på at du Høie kan ordna opp? TJA, nei si det du!

Ja takk til Kristiansund -, Volda-, Molde- og Ålesund sjukehus. Nei elles takk til SNR, butikkdrift, rovdrift på personale og helsebyråkratar som sit i sentraliserings-skodde og sjonglerer på tal.

Nå er det nok! Meir enn nok faktisk! Vi fagpersonane slutta å leika butikk idet vi starta på barneskulen. Eg forventar det same av dei som sit og styrer helsevesenet vårt.

Høie, rist av deg tornerosesvevnen og ta ansvar!

Sissel Anita Øyen HareideFysioterapeut Volda sjukehus

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!