«Musea rosemålar vikingane»

SPELTE VIKING: Paul Jakob Helgesen, utkledd som Kong Audun, ønskte velkomen til opninga av Sagastad – Vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida.  Foto: Siri Kolseth

GIR KRITIKK: Ottar Grepstad, forfattar, språk- og litteraturvitar, meiner ugjerningane til vikingane blir skjult i runde vendingar når norske museum skal fortelle historia.  Foto: Lars O Flydal

Ytring

Til minste nagle fortel norske museum om mektige skip og vakre gjenstandar i vikingtida. Ugjerningane skjuler dei i runde vendingar, og offera bryr ingen seg om. Setninga kom brått, som eit glimt.

Med våren kom svalene og langskipa, sa universitetslektor Arne Kruse i eit foredrag våren 2015 om vikingane i Skottland og Irland på 800-talet.


Hundre personar var med på jomfruturen:

Letta og stolte over at Myklebustskipet flaut perfekt i sjøen

Det var nervar og spenning då verdas største «vikingskip» vart heisa gjennom lufta og landa perfekt på vassoverflata laurdag ettermiddag. Myklebustskipet flaut som det skulle i sjøen.

Så treffande samanfatta han det som skjedde. Vår etter vår kom vikingane austanfrå, runda Cape Wrath, avleidd av norrønt hvarf som tyder ‘vendepunkt’, tok for seg på Hebridane eller segla vidare sørover.

Det som ikkje kjem fram

På veg til slavehandel i Dublin var truleg vikingane med og fjerna eit heilt folk der i nordvest.

Historia om piktarane rommar framleis spørsmål utan sikre svar, men kring 900 var det meste over.

Dei som var heldige og overlevde, var så få at språket deira forsvann.

I dag er der få stadnamn på den skotske vestkysten som var der før vikingane om.

Historier som denne slepp gjestene på vikingmusea. I vår vitja eg Vikingskipsmuseet og den nye utstillinga «Víkingr» ved Historisk museum i Oslo, og det nye Sagastad på Nordfjordeid.


Kunnsskapssenteret på Nordfjordeid opna

Nytt rom for vikingmagi

Rommet på Sagastad er fint, og båten er fin, seier Inger Helset, etter opninga.

Over tid var vikingane både driftige fangst- og fiskarbønder, dyktige handelsfolk og drepande krigarar. Med estetisk eleganse går musea i detalj om dei to første delane av den historia. Med eitt unntak skjuler dei krigarane i generelle vendingar og stiliserte tablå.

Lokalpatriotismen

Ja, vikingskipa er vakre og overveldande byggverk som må bevarast, gjerne også rekonstruerast, som på Sagastad. Historisk museum fortel om «praktfulle sverd» og «sverdet – krigerens smykke».

I Oslo strålar gjenstandane mot gjestene i all si prakt med minimalistiske forklaringar om kvar rikdomen kom frå.

På Nordfjordeid fortel ein med faghjelp frå Bergen mykje meir historie enn i Oslo, men grunnlaget for senteret er eit rekonstruert skip bygt av framifrå lokale handverkarar, og Sagastad blir dermed prega av den same lokalpatriotismen som fyller bygdetun flest.


Nytt vikingskip funnet i Vestfold

Det er funnet en skipsgrav i Borreparken i Vestfold, sannsynligvis fra vikingtiden, opplyser Vestfold fylkeskommune. – En historisk dag, sier miljøministeren.

Særleg Sagastad siterer gjerne frå norrøne skrifter for å vise kva slags verd vikingtida var. Denne heroiske propagandaen blir ikkje balansert med skildringar frå offera si side.

Slike finst til dømes frå Sevilla, der vikingar hausten 844 drap alle menn dei kom over og tok kvinner og barn som slavar som dei kjøpte seg fri med etter at dei tapte det avgjerande slaget.

«Reiser til rikdom» er ei av overskriftene på Historisk museum.

Der nemner ein at somme drog på «begrensede plyndringstokter» seint på 700-talet, skildrar «langreist luksus» og framhevar at «mot og hell på slagmarken var viktig».

«Handelsmenn og reisande»

Museum ordlegg seg ofte varsamt, men det får no vere måte på. I filmen «Reisen» på Vikingskipsmuseet driv vikingane med «røvertokter».

På Sagastad blir det same kalla «handelstokt» og «plyndringstokt til kristne område», og vikingane var «handelsmenn og reisande» som «kom i kontakt med store delar av verda».

Vikingskipsmuseet fortel at vikingane etablerte handelskoloniar i Irland og Russland, men teier om kva det innebar. Vikingane hadde problem med piktarane, skriv Sagastad og snur historia på hovudet.

Gruppevaldtekt og drap

Vikingtida er vanskeleg å snakke om til barn – viss ein vil seie det som det var. Det enkle grepet er å vere direkte berre i tekstar plassert godt over barnehøgd. Ingen av musea gjer det.

I staden overraskar Sagastad brutalt i ein dokumentarfilm med bølgjer i solnedgang.

Der skildrar dei ei bålferd for skip og konge med utdrag frå ei arabisk skildring frå Russland i 922.

Det som elles i utstillinga er estetisert, blir her ei grafisk forteljing om rituell gruppevaldtekt og korleis den valdtekne like rituelt blei drepen etterpå. Der var barn i salen som såg med øyra på stilk.

Forsking har gitt meir kunnskap

I utstillinga på Nordfjordeid heiter det presist at «vikingsamfunnet var eit krigarsamfunn». Museet hevdar faktisk i filmen «Det brente skipet» at vikingtida har hatt mykje å seie for den norske nasjonale identiteten. Om det gjeld dagens identitet eller i eit bestemt periode, er uvisst, også kva det er ved vikingtida som har spelt ei slik rolle.

Etter den nazistiske dyrkinga av det norrøne 1940–45 er det vel i dag berre nynazistar som opent hentar legitimitet frå tusen år gamle mytar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Å bruke vår tids etiske normer på fortida kan vere farleg ferd. I den norske debatten om vikingtida heiter det gjerne at vikingane var som andre i si tid.

Vikingane skreiv knapt eitt ord sjølve om eigne gjerningar, men forsking i seinare tiår har gitt mykje og nyansert kunnskap om vikingsamfunna.

Det kan norske museum fortelje om utan å gjere utrydding av ein kultur til «kontakt» med andre folk. Då blir kritisk formidling til ein nasjonalistisk apologi for noko av det verste folk her frå nord har gjort mot andre.

Viste ingen nåde

Blikk utanfrå kan dempe det norske nærsynet. I den nye og myndige verdshistoria Silkeveiene (norsk utgåve 2017) viser Peter Frankopan til at ordet viking gjerne får ein til å tenkje på langskip «som dukker frem fra tåken med væpnede menn som plyndrer og voldtar». Han minner om at dei verste drog austover og sørover, ikkje vestover.

Dei oppførte seg som «gjenger med herdede kriminelle» og «viste ingen nåde når det gjaldt å ta folk som slaver». Frankopan presiserer at vikingtokta også i vest handla vel så mykje om slavehandel som plyndring.


Etter kvart blei pengar meir vanleg enn menneske som betalingsmiddel, konstaterer han. Då blir avstanden mellom orda «handelsmann» og «krigar» mykje mindre enn på musea. Myntar kan stillast ut, men ikkje slavar.

Sagastad vonar å bli eit vitensenter som er «nasjonalt og internasjonalt kjend for sine utstillingar og si formidlingsevne», og i Oslo skal det byggjast stort og dyrt vikingmuseum.


Verden får ikke nok av norske vikinger

Selv mannen bak Norges kommende nye vikingopplevelse ble overrasket over hvor stor interessen er for våre røvende forfedre.

Skal det offentlege bruke endå meir pengar på slikt, må tida vere ute for rosemåla forteljingar om skandinavar på handletur i vakre skip med glinsande sverd.

Dei skipa romma gods og gull og sjømannskap, men også helvete på jord.

Ottar Grepstad
Forfattar, språk- og litteraturvitar

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!