«Grønår og skinår – Klimahistorie for Trøndelag gjennom 1000 år» Av Gerhard Schønng (1761) og Ole Nordgaard (1920), nyutgitt av NTNU og Tapir 2010, gir stoff til ettertanke for alle som er opptekne av klimaet. «Verhistorie» ville kanskje vere meir korrekt enn Klimahistorie i tittelen, men det er ikkje like stor interesse for «vêret» som for «klimaet», sjølv om det er same sak. Sluttavsnittet (Nordgaard):

«Når man i tanken gjennomgår den lange rekke av uår med den store sum av skuffede forhåpningar og allehånde lidelser, utdybes forståelsen av, og medfølelsen med vort folk i livets strid. Kanske der også i den således vundne følelse blander sig en gledelig overbevisning om, at med den stigende kultur utvilsomt takes den verste brådd av uårene. Måtte vi så i de år, som kommer, undgå virkningen av en ekte skinsommer. Det er heller ei godt å smake den kost, som settes på bordet i grønår med frost».

Det ligg nær å tolke kortsiktige, store fluktuasjonar i vêret, no for tida kalla «ekstremvêr», som symptom på «klimaendring», slik som det siste skinåret her, 2018. Dette er ei påminning om at «ekstremvêr» ikkje er noko nytt. Det som er nytt, er at vi no får all verdas katastrofar og kriser rett inn i stova på 40 toms skjerm, og på telefonen heile dagen. Den effekten trur eg er vel så skremmande som dei varsla temperaturendringane.

Les flere innlegg på smp.no!

Korvidt CO₂ i lufta er «drivar» eller «resultat», og kva sola har hatt å bety for denne historia, veit eg ingenting. Men ut frå det eg veit om energi, kjemi og økonomi, trur eg ikkje at TILTAKA mot klimakrisa, som vi har sett til no, vil gjere noko inntrykk på CO₂-innhaldet i lufta.

Tiltak som gjer vondt verre

1) Utbygging av vindkraft gir meir energi. Men så lenge størsteparten av jordas befolkning skrik etter meir og billegare energi, betyr ikkje dette at det blir brent mindre kol og olje. Resultatet er større energiforbruk, ikkje mindre CO₂.

2) Elektrifisering, dvs. det å drive bil, båt og oljeplattformer(!) med vasskraft, gir ikkje meir fornybar energi. Den oljen vi sparer blir eksportert, og den gir like mykje CO₂, uansett kvar den blir brend. Dette er ikkje komplisert: Det blir ikkje meir fornybar energi av å transportere vasskraft med batteri, så lenge det er nok nettilkopla brukarar av all elektrisiteten vi kan produsere.

Energibehovet

Det står millionar i kø for å få den oljen vi måtte spare. Det globale energibehovet er langt frå metta. Nettoresultatet er større energiforbruk.

Eg ser absolutt ingen grunn til å tru at desse tiltaka vil bidra til reduksjon av global CO₂-produksjon.

Miljøtiltak, som gassdrift/eldrift av bilar, gir betre pusteluft for oss byfolk. Det er ei heilt anna sak, og det har ingenting med ver eller klima å gjere.

Reduksjonen av kjemisk effekt er på ca. 10.7 GW. Tilsvarande elektrisk effekt er 5.4 GW. Samla leveranse frå norske vindkraftverk i 2018 var 1/9 av denne effekten.

Den store utfordringa

Vasskraftas begrensning som «batteri», effektreserve for varierande vindeffekt. Årsfallet i fossilenergi kunne ha vore erstatta av vindkraft med 5.4 GW middeleffekt. Dvs at halvparten av all vasskrafta vår (nett no på 11.08 GW, totalt) så vidt ville ha vore nok til å kompensere for manglande vindkraft i stille periodar, til erstatning for kun siste års «tap» i petroleumsproduksjon. I tillegg måtte vi ha pumpeverk for lagring av 11 MW overskuddseffekt.

Dette er derimot ikkje oppsamling av CO₂ frå røykgass, men ein del av naturgassen. Fjerning av karbondioksid frå brønnstraumen er ikkje nytt. Det er nødvendig for å få selt gassen. Det nye er at den fråseparerte CO₂ – delen blir pumpa ned i grunnen. Det er vellykka lagring, «CS», men volumet er beskjedent.

Ifølgje NPD blir det lagra 1 million tonn pr. år frå Sleipner. Det er dei 19 million tonna som går opp i røyk som det er vanskeleg, og «månelandingsdyrt» å fange, transportere og lagre.

Gir større energiforbruk

Det er ressurskrisa som er akutt. Den drep veksten som økonomien er avhengig av. Offentleg finansiering av «klimatiltak» er motivert av vekst; Risikofrie investeringsmidlar og arbeidsplassar. Subsidiert «grøn» energi resulterer i større energiforbruk, ikkje mindre.

Ivar Fylling

Dr.ing. Marin teknologi

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Ivar Fylling.