Samferdselsministeren ønskjer å redusere bruken av fotoboksar på norske vegar.

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune skal frå neste valperiode skal også ta over ansvaret for Fylkestrafikktryggingsutvalet, og trafikktrygging blir eit prioritert arbeidsområde.

I Møre og Romsdal har vi hatt mange saker der lokalbefolkninga ber om auka trafikkovervaking og/eller reduserte fartsgrenser.

Trafikktryggingsutvalet har vore samde og støtta krava. Det har vore ulykker og nesten-ulykker som skuldast stor fart, og det er stadig frykt for nye påkjørslar.

Med den nedbemanninga av politiet og auka bruk av politiressursar til andre former for lovbrot, trur Senterpartiet at det er heilt feil veg å gå å redusere bruken av fotoboksar.

Inntil vidare. Vi ser ikkje bort frå at det kan komme meir avansert teknologi, gjerne installert i bilen, i framtida. Men for Frp blir vel det enda meir «prinsipielt betenkeleg».

I slike saker vil vi vektlegge det som tel mest – færre trafikkulykker, mindre frykt og meir effektiv trafikkontroll, framfor det at bilen din kan bli observert ein og annan gongen på norske vegar.

Lytt til Trygg Trafikk.

Kristin Sørheim

Gruppeleiar Sp og leiar i samferdselsutvalet

Les flere innlegg på smp.no!