Det har vore ein del ordskifte om intensjonsavtalen som seier at den nye kommunen skal ha nynorsk som «hovudspråk».

Det verkar som om enkelte blir uroleg av dette fordi dei trur det inneber at dei måskrive nynorsk i alt dei gjer når dei er på jobb.

Slik er det ikkje.

Å vere nynorskkommune vil ikkje seie at dei som arbeider der må skrive nynorsk. Om du er itvil kan du gå inn på http://nyealesund.no/aktuelt/nyheitsarkiv/333-ein-nynorskkommune-kva-betyrdet.

Der kan du lese at «tilsette kan bruke bokmål i sitt daglege arbeid, for eksempel i referat, notatar ograpportar og i skriv til innbyggarane der det ikkje er krav til ei bestemt målform».

Dette er altså fast slått på Nye Ålesund sine heimesider, og dei som kjenner seg mest stø på bokmål kan ta det heilt med ro.

Å vere språknøytral er i teorien inkluderande, men i praksis ender det ofte med bokmål. Vil vi verkeleg frårøve ungane våre den sunnmørske språkidentiteten deira ved å eksponere dei for nesten berre bokmål?

Er Sunnmøre Sunnmøre dersom ungane våre og deira ungar i større og større grad seier «jei», «biler» og «henter»?

Bokmål i si opphavlege, fine form gjekk under namnet riksmål og starta som ei fornorsking av dansk slik at det vart enklare for skuleelevane til opphavsmannen (Knud Knudsen) slik eg har forstått bakgrunnen for bokmål.

Eg flytta frå Sunnmøre for å studere då eg var gamal nok til å kome inn på eit universitet, men då eg fekk ungar fullførte eg studiane mine og flytta tilbake. Kvifor? Eg hadde eit sterkt ynskje om atungane mine og eg kunne ha «Sunnmørsk» som felles identitetsgrunnlag.

Det er ein verdi i det å vekse opp ein plass der du kan sykle fritt i nabolaget, til og frå vener og til og frå skulen. No kan eg nemne at eg ikkje bur midt i bysentrum av Ålesund, men eg synst eg har sett skuleelevar ferdast åleine til og fråskulen der også innimellom.

I fem år no har eg undervist i framandspråk i forskjellege kommunar på Sunnmøre, og eg har undervist i fire forskjellege framandspråk på den tida, som «vanleg lærar» og vikar. Har eg lært ungane mine desse språka?

Sett vekk frå nokre ord her og der, så er svaret nei.

Eg har heller gått inn for å lære dei sunnmørsk norsk. Grunnen til det er at det er vi som bur her som må ta vare på språket vårt. Viss ikkje vi gjer det, så kjem ikkje nokon andre til å halde liv i det. I språket vårt (som i andre norsketalemål) ligg det mange gode og spennande ord og uttrykk, og kunnskap, som gjeng ad undas ("tilbølgjene" om du lurer på kva det tyder) dersom vi berre opnar opp og slepp bokmål inn utan denmotvekta som våre sunnmørske dialektar (og nynorsk) er.

Ein annan måte å sjå det på er at fleirtalet av kommunar i «Nye Ålesund» er nynorskkommunar.

Kvifor skal då den eine kommunen ha meir verdi enn dei andre som har gått med på å bli med på denne samanslåinga?

I 2019 er vel likeverd ein av verdiane som ein set pris på. Sjølv om dei kommunane som ikkje heiter Ålesund er "småkommunar", kan ein ikkje berre innlemme dei i Nye Ålesund og late som om dei ikkje har eksistert og gje ungane som veks opp der dårlegare vilkår for å sjå språket sitt i bruk (til dømes i reklametekstar eller utlysningar for kommunen, skilt, i butikkar, med meir).

I dagens Noreg ser ein nok bokmål, det kjem omtrent gratis. Den noverande intensjonsavtalen er viktig for dei som veks opp både i noverande Ålesund, og dei som kjem til å vekse opp i nye Ålesund.

Folketalsauka som har gjeve noverande Ålesund det innbyggartalet kommunen har idag, er eit resultat av tilflytting frå bygdene rundt stort sett (nemnt i det opne møtet «Kva vil vi med nye Ålesund?», den 05.03.2019 i Parken Kulturhus).

Det er framleis slik i dag, at du møter mange i Ålesund som ikkje har den lett gjenkjennelege Ålesunds-dialekten, men den kanskje like lett gjenkjennelege Sunnmørs-dialekten.

Ja, det er kan hende dialektforskjellar mellom ein person frå Haram, ein frå Vigra og ein frå Sjøholt, men i grove trekk har dei mykje til felles.

Eg bur sjølv innanfor kommunegrensa til Ålesund, og med unntak av studietida mi i Bergen så har eg budd her sidan eg starta i femte klasse på Åse Skule.

Sjølv om eg no er 30 år så har eg ikkje letta ein finger for å snakke meir «Ålesundsk», og det har aldri vore eit problem.

Det er også lagt fram påstand om at Nye Ålesund med nynorsk vert ei økonomisk byrde. Eg har ikkje særleg tru på at bokmål er noko rimelegare økonomisk enn nynorsk. Det høyrest meir ut som eit av dei argumenta som folk brukar når dei ikkje har skikkelege fakta å vise til.

Det er 2019 og mykje av skjemautfylling som innbyggjarar gjer skjer digitalt, og det blir det ikkje mindre av. Det er også sagt at det er eksluderande for majoriteten i den nye storkommunen, men det er no den mest tenkeleg negative måten å sjå samanslåinga på.

Tenk heller på kor gunstig der er for ungane våre som må, etter Læreplanen i norsk, lære seg dei to språka våre. Det er mykje lettare når du faktisk ser begge to i kvardagen.

Inntrykket mitt er at bokmålsmarknadsføring kan gjere at ein forsvinn litt «i mengda».

Å bruke nynorsk er ikkje å gå tilbake i tid. Det er heller ikkje noko du får høgare skatterekningfor enn det du har i dag.

Derimot tek du vare på norsk språk, noko som vi ikkje burde nedprioritere.

Mykje norsk forsvinn den dagen vi sluttar å bruke nynorsk. Skulle det skje vi misser språket vårt og atingen seier «ej» eller «e» lenger, så skal det mykje til å få språket vårt på beina igjen (Sjå gjerne påprosjektet «Nynorn» på internett).

Tenk berre på den fantastiske setninga «Ho hi ho he», som vi kan more oss over i lag som sunnmøringar..

Det er mykje lettare for oss sunnmøringar å vere stolte av identiteten vår og språket vårt i dag, og i framtida viss vi gjev det vidare til dei Sunnmøringane som kjem etter oss.

Jan Steffen LarsenLeiar i Borgund Mållag