Lesarinnlegg

«Trekk deg, Orten!»

Stortingsrepresentant: Innleggsforfattaren ber stortingsrepresentant Helge Orten (H) om å trekke seg.  Foto: Kristin Svorte

Ytring

Helge Orten, du har ikkje lenger nødvendig tillit i det fylket du representerer. Som leiar i Samferdselskomiteen på Stortinget skal du ha eit fagleg solid og politisk balansert syn på fagområdet ditt. Du har i lang tid vist for all verda at du ikkje lenger meistrar oppgåva med å vere ein representant som vi kan stole på.

Du køyrer eit solospel for å få gjennom Møreaksen, og har alltid, i fleire roller i etableringa av fergefritt samband over Moldefjorden/Romsdalsfjorden, konsekvent nekta å vurdere andre alternativ. I mine auge er du inhabil, og utviser eit katastrofalt dårleg skjønn og vurderingsevne. Du har rett og slett blitt ei katastrofe for fylket vårt. Eg er feista til å bruke eit mykje sterkare ord om dette.

Reagerer på Listhaugs utspill om å skrote Møreaksen:

– Hun sier man må bruke hodet, men dette er hodeløst

Både Høyre og Arbeiderpartiet reagerer på Sylvi Listhaug sitt utspill om å droppe Møreaksen og få en ny utredning av Romsdalsaksen.


Det som utløyste denne reaksjonen no, var din uttale til Sunnmørsposten den 12.08. i år som reaksjon på at Sylvi Listhaug stadfesta sin uttale til VG om at ho støttar FrP-politikarane i fylket som vil ha ein omkamp om Møreaksen. («Omkamp» er feil uttrykk. «Forsvarleg vurdering av K5-alternativet via Sekken» er korrekt.) Du er referert på at du sa: «Resultatet dersom dette blir en realitet er at det ikke blir noen fjordkryssingsprosjekter utført i Møre og Romsdal.»

Eg minner deg på di rolle. Leiaren i Samferdselskomiteen på Stortinget seier altså at dersom Møreaksen ikkje blir noko av, så vil korkje Romsdalsaksen eller andre fjordkryssingsprosjekt bli utført i Møre og Romsdal! Snakk om maktmisbruk! Dette er alvorleg, Orten! Så alvorleg, at det folket som du skal tene ikkje kan ha tillit til deg. Og det er det berre ei akseptabel løysing på.


Dersom du ikkje har vet nok til å trekkje deg sjølv, må statsministeren gjere det for deg. I motsett fall vil dette slå tilbake på statsministeren. Og då kan dette få langt meir alvorlege følgjer. Dette er ikkje rettsstaten Noreg verdig! >

Lars Valderhaug
Tustna

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!