Det er interessant å lese lesarinnlegg frå Frank Sve for tida. Eg er glad det ikkje er han som skal skrive historia for ettertida, for maken til historieforfalsking skal ein leite lenge etter. «FRP og Sp er dei einaste garantistane for dei vidaregåande skulane i fylket», skriv han. Har du gløymt at det finst eit parti som heiter SV, Frank?

Du var i salen då SV ved Ingrid Opedal i førre fylkestingsperiode sa klart frå om at dersom bygging av Nordøyvegen går ut over den desentraliserte strukturen i vidaregåande skule, ville SV sei nei. Du var og tilstades då SV ved Yvonne Wold i inneverande periode som første parti sa at vi diverre ikkje har noko anna val enn å gå imot Nordøyvegen, først og fremst fordi signala frå rådmannen om kutt i drift og bygging av nye vidaregåande skular ikkje var noko vi kunne leve med.

Vi håpar veljarane føl betre med i kva fylkespolitikarane gjer enn ordførarkandidaten til Frp, og at dei brukar stemma si til eit parti som heile tida har sett vidaregåande skule øvst på prioriteringslista. Det er framtida til fylket vårt!

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!