«Pensjonistane og valget»

Pensjonist: Pensjonistane får ikkje forhandlingsrett, men dei får uttale seg. Det meiner artikkelforfattar er lett å oversjå.  Foto: Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ytring

Det er mykje å tenkje på fram til valet i haust. Det var spennande å studere vallistene i Ørsta, då dei kom på trykk i Møre Nytt. Fordelinga mellom menn og kvinner var bra og geografisk fordeling var det også prøvt å få til. Kvar vart det av pensjonistane? Sju kandidatar på over 65 år maksimum og dalande ned mot null. Det er lov å seie nei til å stå på ei liste, når ein er 65 år. Det får ein brev om frå valstyret. Det svært mange oppegåande pensjonistar som har lyst å vere med. Men har dei vorte spurde?

Ein tredjedel-del av dei som møter opp på valdagen er over 60 år. Dei stemmer på dei som er om lag på alder med borna sine. Er det dei som veit best korleis vi pensjonistane vil ha det? Kva vi kan klare oss med? Sjukeheim-plassar, omsorgsbustader og heimebasert omsorg mm er viktig. Det som bekymrar meg, er dei åra ein er pensjonist og greier seg sjølve utan hjelp. Forskjellen i kjøpekrafta mellom pensjonistane og dei yrkesaktive vert berre større og større.

Det er stor skilnad frå å vere yrkesaktiv til å verte pensjonist. Pengane som kjem inn på konto må brukast til det som er nødvendig. Resten som vert att til reise og kulturopplevingar, er det ikkje alle som kan ha råd til. Det er skilnad på kva pensjonistane får utbetalt i pensjon. Einslege minstepensjonistar får i alle fall minst.

Pensjonistforbundet har stått på for at pensjonen må aukast.

Dei yrkesaktive har lønsforhandlingar med hjelp av sine organisasjonar med regjeringa. Pensjonistane har ikkje forhandlingsrett, men får uttale seg. Det er lett å oversjå ein uttale.

Jan Davidsen, leiar av Pensjonistforbundet, er klar på at det er diskriminerande at pensjonistane ikkje har forhandlingsrett som ein del andre organisasjonar.

6. juni var det ein stor demonstrasjon ved Stortinget med fleire tusen pensjonistar og sympatisørar på plass. Det var appellar frå ymse organisasjonar som kravde å få lønsutvikling jamført dei yrkesaktive. Siste fire åra har kjøpekrafta vorte redusert for pensjonistane. Pensjonistforbundet vil ha reelle forhandlingar med regjeringa, men det sit langt inne.

Tidleg i 2019 kom stortingsmelding nr. 15 LEVE HELE LIVET (2019–2023)

Kommunane skal gjennom politisk behandling ta stilling til utforming og gjennomføre av reforma. Det må på plass i kommunen sin handlingsplan og økonomiplan. Reforma skal i hovudsak verte dekt av kommunen sine frie inntekter. Dette vert eit stort arbeid, som dei nye kommunestyra kanskje ikkje er klar over.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!