Lesarinnlegg:

«Integrering gjennom forakt og pisk»

Kritikk: Innleggsforfattaren er kritisk til Erna Solberg-regjeringa sin retorikk og politikk på integrering og flyktningar.   Foto: NTB SCANPIX

Ytring

Regjeringsmedlemmar som framfor ein integreringskonferanse understrekar at i landet vårt «spiser vi svin, drikker alkohol og viser ansiktet vårt», eller som understrekar at Noreg ikkje har noko ansvar for dei mange hundre som druknar i Middelhavet på flukt mot Europa, og som skryt av at færrast mogleg av dei 70 millionane i verda som er på flukt, slepp inn i landet vårt, og at vi returnerer flest i Europa tilbake til Afghanistan.

Statsministeren om omdiskuterte Frp-utspill: – Det er ikke regjeringens politikk

Statsminister Erna Solberg sier hun ikke kan drive sensur av de andre regjeringspartiene etter at Frp på nytt har skapt storm i innvandringsdebatten.


Ei regjering som brukte nasjonaldagen 2017 til å kunngjere frigjering av ein norsk drapsmann og leigesoldat i Kongo, men synest det er greitt at norske småungar veks opp til å bli globale terroristar eller rotnar bort i fangeleirar i Nord-Irak.

Ei regjering som varslar om at dei vil ta sosialstønaden frå innvandrarar som ikkje lærer seg norsk. Og ein utdanningsminister som presenterer ei ny integreringslov som m.a. stiller så høge krav til språkkunnskap at dei fleste som driv med opplæring av innvandarar, er samstemte om at berre svært få med best kunnskaps- og utdanningsbakgrunn og færrast krigstraumar, vil ha sjansen til å kunne få norsk statsborgarskap.

Siv Jensen vil ikke slutte å bruke ord som snikislamisering

Frp-leder Siv Jensen mener alle har et ansvar for å slå ned på muslimhets. Men hun føler ikke selv hun har gått for langt i sin omtale av muslimer.


Alle som har budd i utlandet ei stund, veit noko om kor krevjande det er å orientere seg i ein annan kultur og på eit framandt språk. Men når utgangspunktet er mistillit og fordommar og frykt for det ukjente, er det sjølvsagt lettast å hevde at det ikkje er husrom i Europas rikaste og tynnast befolka land. Om det er «brunbeising» det er snakk om, kan samlivspartnarane i Solbergregjeringa diskutere, og regjeringssjefen ville sikkert ikkje ordlagt seg slik. Og om det er i tråd med norske historiske tradisjonar, til dømes frå mellomkrigstida, kan nok også diskuterast. Men i tråd med arven etter Fridtjof Nansen eller med dei solidariske og humanistiske verdiane som FN og den norske grunnlova i dag bygger på, eller som dei fleste av oss ønsker å bekjenne seg til, er norsk politikk for tida visseleg ikkje.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!