Den 25. september skal styret i Helse Møre og Romsdal skal ta stilling til kva sjukehus som skal ta imot hardt skadde pasientar på Sunnmøre. Direktøren innstiller på at Volda Sjukehus ikkje skal ha traumefunksjon. I så fall vil det ikkje vere sjukehus med traumefunksjon mellom Førde og Ålesund, ei reisetid med bil på omlag fire timar. Dersom styret tek samfunnsansvaret sitt på alvor, bør dei ikkje høyre på direktøren i denne saka.

Direktøren legg heller ikkje vekt på at Volda sjukehus er det einaste sjukehuset med traumefunksjon mellom Førde og Ålesund. Traumeplanen er tydeleg på at hardt skadde pasientar skal transporterast til næraste sjukehus med traumefunksjon, på tvers av føretaksgrenser. Om ein vert hardt skadd i Stryn, er det langt til Førde eller Ålesund. Vil verkeleg styret sende livstruande skadde pasientar forbi Volda – som har kompetanse til å behandle dei – berre fordi Ålesund skal ha større volum?

Styresaka handlar ikkje om Volda sjukehus, men om den grunnleggjande helseberedskapen til over 70 000 menneskje. Berre fordi ei alvorleg ulykke skjer på grensa mellom to helseføretak, skal ein ikkje finne seg i svekka beredskap! Systemet for å handtere traumepasientar seier og mykje om dei generelle beredskapsressursane ved naturkatastrofar og andre alvorlege hendingar. Dersom styret støttar forslaget om å svekke traumeberedskapen på Sunnmøre og i Nordfjord, meiner Senterpartiet difor at helseministeren må overstyre vedtaket.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!