Noreg treng 30–50 TWh ny, rein kraft for å redusere klimautsleppa med 50 prosent innan 2030. Vindkraft er per dags dato det rimelegaste alternativet for ny, rein kraftproduksjon. For å produsere 30 TWh med vindkraft trengst rundt 1.500 turbinar. Desse vil trenge opp mot 1.000 kvm – 0,3 prosent av Noregs areal. Eksisterande og planlagde utbyggingar til 2021 vil trenge litt over 0,1 prosent. Har vi ikkje plass til dette?

Statnett har rekna ut at vi treng rundt 80 TWh for å fullelektrifisere Noreg (inkl. hydrogenproduksjonen). Skal alle bilar, trailerar, båtar, ferjer, skip, fly gå på elektrisitet, aukar dette elforbruket kraftig – kvar skal denne energiproduksjonen kome frå?

Kva med havvind? Potensialet er stort, men på kortare sikt ikkje kostnadsberande – då må kostnadane kraftig ned! Eller er vi villige til å betale saftige straumrekningar? Ingen ulemper med turbinar til havs? Kva med skipstrafikken, oljeindustrien (til havs), havfisket, lundefuglane som flyg langt til havs for å finne mat?

Energieffektivisering, då? Teoretisk høyrest fint ut – men visstnok praktisk svært dyrt og krevjande å realisere. ZERO har jobba for eit konkret mål om 10 TWh energisparing i bygg, men ikkje fått gehør for rammevilkåra. NVE sine energiframskrivingar viser at dagens verkemiddel i liten grad vil redusere straumbruken i bygningsmassane.

Industrialisering av vindkraft? Nei, fy og skam til «Spinning Jenny» og den industrielle revolusjonen! Kor godt hadde vi ikkje hatt det utan industrien som har øydelagt byar og bygder – kanskje til og med utanlandsk kapital/eigarar?

Vil komande generasjonar tilgje oss viss vindkraftutbygging? Kva med Rudolf Diesel (1858–1913) – har vi tilgjeve han for oppfinninga av denne styggedomen, dieselmotoren?

Kva om vi mislukkast med å stanse klimaendringane? Kva enorme konsekvensar vil det kunne få for natur, miljø, menneska? Vil artar døy ut, vårt biologiske mangfald reduserast, millionar av menneske bli drivne på flukt – ja, kan vi miste mogelegheita til å kunne brødfø oss sjølve? Er ein (fjell) tur, der ein alltid har gått, viktigare enn å kunne auke produksjonen av fornybar energi og dermed redusere CO₂-utsleppa?

Her er sikkert nok areal til å kunne gå (fjell) turar ikkje langt unna om vindturbinar «bandlegg» små areal av landet vårt. Planlagt vindturbin-utbygging = mindre enn Ålesund, Skodje og Ørskog kommunar. Har verkeleg ikkje Noreg areal å avstå til denne fornybare energien?

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!