I annonse for Moakonferansen får vi presentert programmet for dagen med viktige tema som muligheiter og utfordringar framover. Det vi allereie veit at ei av viktigaste utfordringane er å få unge kvinner til å bli verande i regionen eller flytte heim etter endt utdanning. Vårt fylke har diverre lenge vore i botnskiktet på likestillingsbarometeret, og er likeeins fylket som har lågast kvinneandel pr mann i landet, berre «slått» av Finnmark.

Som gamal leiar i fylket sitt likestillingsutval kika eg interessert over annonsen til Moa-konferansen. Dette måtte då vere ei viktig utfordring å ta tak i. Fleire jenter til regionen vil utan tvil opne for nye «muligheter», det ville gi «helsesjekk på regionen» eit betre resultat og det ville prove at på Sunnmøre set vi heile «mennesket i sentrum» som det står så flott i annonsen , men eg kjem fort ned att på jorda.

På illustrasjonen ser eg først 6 mannlege ordførarar og så ei lita kvinneleg ordførardame som støttar seg til ein av dei Eg legg også merke til korleis ordførarane held kommunevåpena, berre den kvinnelege har sleppt det ned på jorda---- Men det verkelege vonbrotet kjem då eg ser lista over «en rekke av de fremste nasjonale meningsbærerne innen by-og regionutvikling». Dei 5 første bileta er av menn, så har dei klart å presse 2 kvinner inn på eitt bilete før neste kvinne kjem , for så å halde fram med nok 5 menn, altså 10 menn og 3 kvinner.

Er det dette utvalet som skal lokke unge kvinner til Sunnmøre? Statistikken viser at regionen har eit underskot på unge kvinner og at for få flyttar heim. Dersom dette er ein trend ein ønskjer å snu, må regionen i det minste vise at ein verdset den kompetansen kvinnene har.

Er ikkje Moakonferansen sitt utval av forelesarar heller eit signal om at her er det framleis mennene som blir lytta til? Det undrar meg stort at Moakonferansen ikkje finn fleire kvinner som er kompetente til å kome med tankar og idear om utvikling innan by og region.

Utvalet er heller eit varsku om at her er det framleis mennene som styrer, at det ikkje er «mennesket i sentrum», men mennene.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!