Lesarinnlegg

«Klimahysteri»

Ytring

Eg har ikkje noko vanskar med å tykkjest synd i Greta Thunberg, den svenske, unge jenta med klimastreik og FN-tale. Barndomen hennar er øydelagd grunna klimaangst, kan ho fortelje. Skulda får politikarar som ikkje gjer ”nok for klimaet”. Ein av dei som har kjent seg treft av dette er tydelegvis Steinar Reiten. Han seier seg samd med den svenske tenåringen og bygger så sin argumentasjon på FN sitt klimapanel- det bør han ikkje gjere. Men la oss gå rett på sak: påstanden som GT, som SR, som IPCC og som ei brote andre bygger sitt verdsbilete på er: førestillinga om at CO₂ frå brenning av kol, olje og gass fører til katastrofal, global oppvarming.

Men kva er CO₂? Det er livet sin gass. Utan den, døyr vi. Kor mykje av CO₂ er menneskeskapt?

Helgapraten: Med olje i årene

– Greta Thunberg har all grunn til å være rasende på politikerne

Bunker Oil kommer i år til å selge drivstoff for nærmere seks milliarder, og eier og daglig leder Jan Magnus Kleven har gått med hodet hevet og vært en stolt oljemann heilt siden han starta å arbeide på bestefarens tankanlegg i 13-årsalderen. Men tidene endrer seg.


Ein stad mellom 4 og 1 %. Dersom temp. stig 1 gr. C-kor mykje har vi skuld i?-er det seriøst å meine at eit slikt bidrag vil føre til irreversible og alvorlege skader på menneske og natur?

Tom Segalstad, ein av dei fremste kjennarane her i landet av CO₂- kretslaupet,-han har ma. vore til høyring i Stortinget, EU-parlamentet og i Kongressen i USA- har i eit svært informativt foredrag gjort greie for dette.

Alternativ nobelpris til Greta Thunberg

Årets Right Livelihood-pris går til svenske Greta Thunberg, Aminatou Haidar fra Vest-Sahara, kinesiske Guo Jianmei og brasilianske Davi Kopenawa.


TS snakkar om ei innbilt klimakatastrofe. Han burde heller bekymre seg om dei reelle katastrofane vi alt har her på jorda: I heimar utan elektrisitet (les Afrika) døyr årleg 4,3 millionar grunna luftforureining frå bål. 500 000 kvinner døyr i samband med fødsel grunna mangel på elektrisitet. Den rimelegaste og mest realistiske måten desse landa kan få nok straum på, er ved kol-, olje- og gasskraftverk. No er det berre slik at Verdsbanken frå 2010 ikkje vil gje lån til kolkraftverk og frå 2019 heller ikkje til olje- og gassverk – pga. hysteriet med global oppvarming.

GT er eit barn, TS er vaksen og politikar. Då krevst det av han at han ikkje berre skaffar seg kunnskap om emne han uttalar seg om og kan påverke, men at han også har ryggrad til å mot straumen av hysteriske klimafantastar.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!