Lesarinnlegg:

«Kuttforslaga til fylkesrådmannen er ei fallitterklæring overfor unge mediespirar»

Journalist: Det er feil å kutte i medietutdanningane ved dei vidaregående skulane i Ålesund og Molde, skriv Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, lokallagsleiar i Norsk Journalistlag Møre og Romsdal, i dette innlegget.  Foto: Privat

Ytring

Møre og Romsdal er eit stolt mediefylke, beståande av ein myriade av små og store medieaktørar – som saman speglar alt ifrå små lokalsamfunn til store regionar.

Blant medieutdanningane i Norge har Høgskulen i Volda ei stor stjerne, men mykje av grunnlaget blir skapt i dei vidaregåande skulane. Det er ofte der dei kreative evnene til unge mediespirar først verkeleg blomstrar.

I Møre og Romsdal har vi vore så heldige å ha tilbodet medium og kommunikasjon (MK) ved fire av dei vidaregåande skulane – i Ålesund, Volda, Molde og Kristiansund.

Kuttene i fylkeskommunen:

10. klassinger fikk omvisning på linje som kanskje legges ned

Omvisningen på medie- og kommunikasjonslinja til Ålesund videregående skole ble ikke helt som 10. klassingene hadde sett for seg.


Men - blant dei mange hardtslåande kuttforslaga til fylkesrådmannen finn ein mellom anna at det blir føreslege å leggje ned MK-linjene i Ålesund og Molde, og samle dei i Volda og Kristiansund, for å halvere det totale tilbodet i fylket.

I delrapporten om sparetiltak i utdanningssektoren står det tydeleg at elevane og kvaliteten i opplæringa skal rammast i minst mogleg grad. Det må i beste fall vere ein dårleg spøk.

Dette vil ikkje berre gi elevar ved vidaregåande skular i fylket eit vesentleg dårlegare tilbod, det vil med tida svekkje rekrutteringa til media – både lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei kreative linjene, som MK-linja er ei av, fører alle fram til studiekompetanse. Mange av dei som går ut frå desse linjene har tileigna seg ei kreativ evne og ein skapande energi som dei elles ikkje ville hatt – til dømes gjennom vanleg studiespesialisering.

Legger ned over 100 elevplasser ved Ålesund vgs – slik protesterer elevene:

– De skal egentlig legge ned skolen vår. Det er ikke greit!



Over 300 protesterte mot kutt i den videregående skolen:

– Uten Gjermundnes hadde vi ikke tatt utdanning. Landbruk er alt!


Det er inga tvil om at fylket er nøydde til å bruke sparekniven, då det økonomiske bildet ser dystert ut framover. Men kanskje det hadde vore greitt at politikarane, som skal representere folket – og samfunnet – hadde tenkt litt meir på kva som faktisk førte til at vi er komne dit vi er. Feilprioriteringar har det vore mange av i fylkespolitikken så langt – og dersom dette forslaget går gjennom, er det gjort nok ein stor feil.

Det er veldig trist, både for dei små og store samfunna, for ytringsfridomen, ja – for heile Møre og Romsdal – dersom fylkestinget vel å gå for dette kuttforslaget.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!