Skolelederforbundet i Møre og Romsdal er sterkt uroa for effektane av fylkesrådmannen sitt forslag til endra tilbods- og skulestruktur i fylket. Forslaget vil redusere valfridomen for ungdommen, og gjere framtidsutsiktene til Møre og Romsdal som region dårlegare.

Strukturen i den vidaregåande opplæringa i fylket slik den er i dag, er godt tilpassa behovet til det lokale nærings- og samfunnsliv. Gjennomføringstala er særs gode i nasjonal målestokk. Talet på elevar som går yrkesfag er høg samanlikna med landet elles. Dette speglar eit godt utval spennande arbeidsplassar og eit aktivt og offensivt næringsliv som tek utdanning på alvor og stiller læreplassar til rådvelde. Yrkesfagleg utdanning er eit trefaldig parterskap der elevar, næringsliv og skuleeigar dreg lasset saman. Om det ikkje er balanse mellom partane, vil ikkje samarbeidet fungere. Møre og Romsdal har hatt god sysselsetting gjennom eit sterkt innovativt og framtidsretta næringsliv, der tilgang på kvalifisert arbeidskraft har vore den viktigaste ressursen for verdiskaping og livsgrunnlag.

Framtida vår er avhengig av at ungdomen får møte eit utdanningstilbod som gjer at dei kan skape seg eit godt liv, og vil etablere seg i Møre og Romsdal. For å få det til må også det rike kulturlivet i fylket bevarast.

Ei av dei største utfordringane til Møre og Romsdal er alderssamansetjinga blant innbyggarane. Statistikk viser at 1 av 6 innbyggarar i dag er over 67 år, og prognosane viser at om ti år er 1 av 4 over 67 år! Politikarane har ikkje råd til å la vere å satse på dei som veks opp i Møre og Romsdal.

Skolelederforbundet i Møre og Romsdal vil med dette uttrykke stor uro for fylkesrådmannen sitt kuttforslag. Forslaget vil føre til at mange ungdomar ikkje får ei vidaregåande opplæring som passar dei. Konkurransen på mange utdanningstilbod vert for stor, tilbodet vert for ulikt avhengig av kvar ein bur, og mange må velje noko dei ikkje vil. Vår erfaring er at dette vil føre til auka fråfall i vidaregåande opplæring. Lokale bedrifter vil også truleg miste verdifull arbeidskraft. Ei rasering av tilbodet til dei praktisk-estetiske faga, gir dårleg rekruttering til kulturlivet og reduserer mangfaldet. Konsekvensane av dette kan verte store, både for enkeltindivid, lokalsamfunn og Møre og Romsdal som region. Ungdomen må også i framtida møte eit godt tilpassa utdanningstilbod, som gir enkeltindividet moglegheit til ei vidaregåande utdanning som passar med ønske, evne og interesse.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Trond Otto Berg, fylkesleiar Skolelederforbundet Møre og Romsdal. Foto: Skolelederforbundet