Torsdag 12. desember avgjer Ålesund kommunestyre to viktige språkpolitiske spørsmål. Det eine er at kva skriftspråk staten skal bruke i sin kommunikasjon med kommunen, som har sitt å seie rikspolitisk. Det andre er kva språk kommuneadministrasjonen skal bruke, som har nest å seie for oss som bur i kommunen eller på anna vis er knytte dit.

Like sidan 2015 har debatten gått i ålesundsavisene om administrasjonsspråket. Truleg har den saka aldri vore diskutert så lenge og så grundig før i nokon norsk kommune. Diverre har nesten alt handla om gamle Ålesund. Få debattantar har vist interesse for innbyggjarane i Steinshamn, på Fjørtoft eller på Sjøholt.

Språkpolitikk er truleg det einaste samfunnsområdet der kommunane bestemmer over staten. Like sidan 1931 har kommunane hatt ein lovfesta rett til å avgjere om staten skal bruke nynorsk eller bokmål eller begge delar i skriftleg kommunikasjon med dei. I dag krev kvar fjerde kommune nynorsk frå staten. Slik vil det også vere etter samanslåingane frå nyttår. Dette har styrkt posisjonen for nynorsk i dagens Noreg, og dei rettane kvar innbyggjar har til eige språk. Difor er innstillinga frå formannskapet til kommunestyret viktig. Den samsvarar med det Haram, Sandøy, Skodje og Ørskog krev i dag. Ålesund har aldri brydd seg nok om språk til å gjere noko vedtak på 88 år.

Mindretalet i formannskapet vil ikkje at staten skal bruke nynorsk, og vil ha det dei kallar ein språknøytral kommune. Trass i mange sjansar har mindretalet aldri erkjent at der er to former for såkalla nøytralitet. Den eine er at kvar tilsett skriv som ein vil. All erfaring frå andre stader viser at då blir det mest bokmål, og meir etter kvart. Den andre måten å løyse dette på, er å fastsetje språkreglar som sikrar dei språklege rettane til både innbyggjarar og tilsette. Ikkje ein gong det vik mindretalet ha noko av.

Store ord har floge forbi i den fem år lange debatten. I ordlista til dei såkalla språknøytrale står få andre ord enn tvang og diktatur. Dei prøver å late som dei ikkje veit kva som har gått føre seg i dette landet like sidan 1892. Frå det året har det vore lovfesta eller fastsett i forskrifter at språkbruken i offentleg forvaltning stort sett blir fastsett etter folkerøystingar. Dei har eg brukt fleire tiår på å kartleggje, og berre på 1900-talet blei det halde meir enn 4000 folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen, kva salmar kyrkjene skulle bruke og kva liturgispråket skulle vere. Den som kan vise til eit land med noko nær same demokratiske fundament for språkpolitikk, må berre ringje meg.

Dragkampane blir mange i den nye kommunen etter nyttår. Difor er det strategisk klokt å byggje eit størst mogleg fleirtal for ein tydeleg språkpolitikk før kvardagane ramlar inn. Det vil ikkje alle frå dagens Ålesund gjere. Dei 26 representantane frå dei fire andre kommunane får dermed eit gyllent høve til å vise kven som ser stort på det, og kven som er småtenkte.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!