NHO ønsker regjeringa si plan om å samle skatteforvaltninga velkomen. Ordninga gjer det enklare for bedrifter å vite kvar dei skal henvende seg, og den vil styrke innsatsen mot useriøse verksemder og svart økonomi.

Når skatteinnkrevinga no skal samlast på skatteetaten sine kontor rundt om i landet vil norske bedrifter merke dette på tre områder.

For det første vil det vere enklare å vite kvar ein skal ta kontakt for å få svar på spørsmål. Kvart år går 60 000 telefonsamtalar til feil etat, fordelt på 30 000 skattespørsmål til kemnernane, og 30 000 innkrevjingsspørsmål til skatteetaten.

For det andre er det grunn til å vente auka likebehandling over heile landet. Lokal tilknytning og kjennskap er ikkje alltid ein fordel og kan true rettssikkerheita.

For det tredje vil kontrollen bli betre overfor useriøse bedrifter, og kampen mot økonomisk kriminalitet blir styrka. Samordna kontroll er eit av dei mest effektive grepa for å luke ut useriøse aktørar i nærings- og arbeidslivet. Da er det ingen fordel å ha to kontrollorgan; skatteoppkrevjarane som kontrollerer skattetrekk og arbeidsgiveravgift, medan skatteetaten kontrollerer inntektsskatt, formuesskatt og merverdiavgift.

Det er og slik at kvar unødvendig krone brukt i offentleg sektor gir meir velferd eller mindre skatt. Vi kan rett og slett ikke seie nei til ei betre forvaltning av skattar og avgifter som sparar inn 370 millionar kroner kvart år.

Allereie på midten av 60-talet blei likningskontora overført frå kommunene til staten, medan skatteoppkrevjarane er blitt igjen i kommunane eller i interkommunale ordninger.

Næringslivet ser frem til at fagmiljøa igjen samlast på skattekontora rundt i regionane.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!