Haramsfjellet: Fra Langurgjølet mot Hestevollane, Ullahornet og Vasshaugane.  Foto: Yngve Zakarias

Synspunkt

«Konsesjonen på Haramsfjellet»

Stortingsrepresentantane må ha tvilt på om alt gjekk rett føre seg med behandlinga av vindkraftkonsesjonane då dei 19.06.2020 gjorde følgande vedtak: «Stortinget ber regjeringen vurdere hvorvidt behandlingen av gitte vindkraftkonsesjoner har fulgt energilovgivningen og forvaltningslovens krav. Dersom det skulle foreligge feil eller mangler i konsesjonen som er i strid med lovgivningens krav skal forvaltningen stanse vedtaket.»

OED konkluderte i brev av 09.10.2020 til advokatfirmaet DSA med at det ikkje ligg føre feil eller manglar som gjer konsesjonsvedtaka for Haram vindkraftverk ugyldige og at det dermed ikkje er grunnlag for å stoppe bygginga.

Men OED har ikkje vurdert saksbehandlinga som leia fram til OED sitt vedtak 14.12.2009 om å avvise klagene på NVE sitt konsesjonsvedtak av 23.06.2008 og om å ta i bruk «statleg arealplan». Dette er ei alvorleg utelating.



NVE vedtok å innvilge konsesjonen 23.06.2008 til trass for sterk motstand frå lokalsamfunnet uttrykt i velgrunna uttaler frå Haram kommune, næringslag, fagforeining, idrettslag, ungdomslag, velforeining og ei rekke einskildpersonar. At NVE ikkje tilla uttalane vekt gjer ikkje konsesjonen ugyldig, men det viser at NVE tolka samfunnsoppdraget sitt slik at statsmakta kan sette folkemeininga til sides til fordel for auka straumproduksjon frå vindkraftverk. Konsesjon var likevel ikkje nok i 2008, folket hadde fleire moglegheiter til påverknad etter lovverket den gongen.

Tiltakshavar måtte søke kommunen om endring av arealplanen for Haramsfjellet og legge fram reguleringsplan for kraftverksområdet for godkjenning. Lokalbefolkninga, samt regionale og nasjonale fagetatar ville kunne gi uttrykk for sine meiningar og eventuelt nytte motsegn etter reglane i plan- og bygningslova (pbl). Haram kommunestyre hadde i tillegg til å uttale seg imot at konsesjon skulle bli gitt i høyringsrunden også klaga på konsesjonsvedtaket. Berre seks andre klaga. Kanskje venta både lokalbefolkninga og fagetatar på den kommunale planhandsaminga og vona på større gjennomslag der enn i høyringsrunden til NVE, og derfor lèt vere å klage på sjølve konsesjonsvedtaket?


Svarer på utspelet frå Zephyr:

– Forvaltningslova har ikkje blitt følgt

Birgit Oline Kjerstad i Nei til Vindkraft på Haramsøy meiner omsynet til rassikkerheit er betre no, men tilbakeviser andre delar av analysen til Zephyr.


Men det vart ingen kommunal planprosess. Med verknad frå 01.07.2009 trådde endringar i pbl og energilova i kraft. Etter energilova § 3–1 fekk no OED høve til å vedta «statleg arealplan» når dei gav konsesjon for vindkraftverk. OED nytta seg av denne lovendringa for Haramsfjellet samstundes med at klagene vart avvist 14.12.2009. Dette reiser tre spørsmål som OED ikkje har vurdert i sin gjennomgang:

1. Ga OED ei lovendring attendeverkande kraft i strid med Grunnlova § 97 då dei vedtok å ta i bruk «statleg arealplan» 14.12.2009, 1 1/2 år etter at konsesjonen vart innvilga? I NVE sine «Behandlingsrutiner» for motsegn er det slått fast: «Innsigelser kan bare reises i den perioden konsesjonssøknaden er på høring, og siste frist for innsigelse er høringsfrist for søknaden.» I denne saka gjekk høyringsfristen for konsesjonssøknaden ut 18.03.2005, meir enn 4 år før OED kunne bruke «statleg arealplan» …

2. OED stoppa den kommunale planprosessen etter pbl med vedtaket om «statleg arealplan» og avvising av klagene 14.12.2009; var OED si klageavgjerd dermed til skade for klagarane, i strid med forvaltningslova § 34?

3. Uavhengig av svar på 1. og 2., ignorerte OED det nye kravet i energilova § 2-1: «Reglene om innsigelse [motsegn] i plan- og bygningsloven §§ 5–4 til 5–6 gjelder så langt de passer ved behandling av søknader om konsesjon etter § 3–1 i denne lov.» OED utestengte faglege instansar frå å bruke motsegn i 2009 då dei gjorde vedtak om «statleg arealplan» utan høyring. Det må gjere konsesjonen ugyldig. Kan han så trekkast attende?


Kommentar:

Kald juss mot brennande hjarte

Folkeleg motstand mot vindkraft er i ferd med å snu norsk vindkraftpolitikk. I møtet mellom forvaltninga og vindkraftindustrien i rettssalen i Sunnmøre tingrett, blir det likevel tydeleg at maktforholda er motsett.


OED skriv i brevet av 09.10.2020: «Om konsesjonen for Haram vindkraftverk bør trekkes tilbake, må vurderes på bakgrunn av energilovgivningen og forvaltningsloven, jf. også anmodningsvedtaket fra Stortinget 19. juni. Det følger av energiloven § 10–3 tredje ledd at en konsesjon kan trekkes tilbake dersom «konsesjonen er gitt på grunnlag av uriktige eller ufullstendige opplysninger om forhold av vesentlig betydning.» Departementet viser til at det er en høy terskel for å trekke tilbake en konsesjon etter energiloven § 10–3 tredje ledd. Denne terskelen er satt av hensyn til de konsekvenser en slik tilbaketrekking vil kunne få for konsesjonæren og andre som har innrettet seg etter vedtakets innhold. Innrettelsesspørsmålet må vurderes konkret hvor det blant annet må ses på tiden som har gått siden et vedtak ble truffet og graden av innrettelse.»

Her vrir OED på saka. § 10–3 i energilova er openbert ei åtvaring til konsesjonssøkarar om kva som kan skje om dei gir feilaktige opplysingar i konsesjonssøknaden. At OED har svekka denne lovparagrafen med å sette ein høg terskel for å gripe inn ved feilinformasjon, av omsyn til konsekvensane for dei som har feilinformert, er oppsiktsvekkande, men får ligge her.

Stortinget har i denne saka pålagt regjeringa å «stanse vedtaket», dersom OED si saksbehandling ikkje har fulgt krava i lovverket. Lovgrunnlaget for å kunne omgjere eit vedtak som er ugyldig, er forvaltningslova § 35 første ledd bokstav c: «Et forvaltningsorgan kan omgjøre sitt eige vedtak uten at det er påklaget dersom … c) vedtaket må anses som ugyldig».

I Ot.prp.nr. 38 (1964–65) om forvaltningslova, side 110, er krav til handling når feil vert gjort av forvaltninga, presisert ytterlegare. Om det ligg føre feil med saksbehandlinga, lovbruken eller faktagrunnlaget har forvaltninga «en utvidet omgjøringsadgang og etter tilhøva endog en plikt til å sørge for at feilene blir rettet». Denne standarden for rettstryggleik gjeld for all offentleg forvaltning.

Dersom OED sitt brev av 09.10.2020 blir ståande som endeleg svar på dei vurderingar Stortinget i vedtak av 19.06.2020 ba regjeringa om, kan det kome til å bli etablert eit vindkraftverk på Haramsfjellet med ulovleg konsesjon, fordi regjeringa ikkje vil rette opp feil i lovbruken gjort under konsesjonsbehandlinga.


Lesarinnlegg:

«Unnskyld frå ei fortvila bestemor»

I dag er eg ekstra lei meg. 



Advokat: Derfor meiner vi vind-konsesjonen på Haramsøya er ugyldig

Brevet til statsråd Tina Bru er siste trekk før eventuell rettssak, ifølgje organisasjonen «Nei til vindkraftverk på Haramsøya».



Lesarinnlegg:

«Er verkeleg vindturbiner på Haramsfjellet det verste som kan skje?»

Ved å lese lokale media kan ein nesten få dette inntrykket.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!