Dette meldte Sunnmørsposten 23. februar. I dette innlegget kan vi m.a. lese: «Tore Johan Øvstebø minnet om at det er Sula kommune som har avgjort plasseringa av reinseanlegget».

For noko vrøvl!

Det planlagde samarbeidet vart handsama samtidig i både Ålesund bystyre og Sula kommunestyre den 3. mai 2018. I utgreiinga til Ålesund bystyre står det m.a.:

«Rådmannen legger til grunn at det vil være en lokalisering på Kvasneset som er aktuell for et felles anlegg og går derfor ikke inn på en drøfting av andre lokaliteter i Sula kommune. (…) I denne saken vil det derfor kun være Kvasnesalternativet som vurderes opp mot alternativet med å oppgradere våre egne anlegg.»

Under den samtidige handsaminga i Sula kommunestyre kom det fram sterk kritikk av at saka var dårleg utgreidd. Ordførar Røssevoll kom fram med at Ålesund har «peika på» Kvasneset. Dette gjentok han fleire gonger. Imens sat rådmann Aurdal og hadde tett kontakt med nokon i Ålesund på mobiltelefonen sin.

Etter ein pause kom ordføraren igjen med at «Ålesund har sagt at dei vil ha det på Kvasneset», og plutseleg spratt Rådmann Aurdal fram på talarstolen og las opp frå telefonen sin at «Ålesund har vedtatt at det skal vere på Kvasneset».

Deretter var det ei kaotisk avstemming, der det vart stemt tre gonger, fordi det var «uklart» etter dei to første gongane. Kvasnes vart vedteke med 14 mot 13. Det var tydeleg at mange i kommunestyret følte seg bunde av framstillinga om at «Ålesund har bestemt det».

Påstanden frå Tore Johan Øvstebø går inn i ei lang rekke av halvsanningar og usanningar i denne saka. Men kanskje vi kan håpe på at dei no begynner å krangle om kven det var som fant på det ufornuftige opplegget med å pumpe kloakk 20 km innover i fjorden for å sleppe den ut frå Kvasneset.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!