Elektron: Det bør leggast til rette for ei utvikling med innfasing av fornybare elektron, meiner Lars Emil Berge.  Foto: Shutterstock

Synspunkt av Lars Emil Berge

«Krigen om dei fornybare elektronane!»

Det går føre seg ein heftig debatt omkring elektrifiseringa av landet vårt for tida. Elektrifiseringsprosjekta står i kø for å ta landet vårt inn i det heilelektriske fornybare samfunnet.

Me skal byggja batterifabrikkar, datalagring og hydrogenanlegg. Elektrisk skal også transportsektoren til lands og vanns bli. Til og med oljeinstallasjonane vil ha våre fornybare elektron. Det kan sjå ut som det går mot ein krig om desse verdifulle fornybare elektronane framover.

Statnett skriv i sin langsiktige marknadsanalyse 2020 at det årlege kraftforbruket vil stiga frå om lag 140 TWh i dag, til mellom 180–190 TWh innan 2050. Det er fleire slike framskrivne marknadsanalysar som syner den same utviklinga som Statnett sin. Auken skal koma frå fornybare energikjelder samstundes som fossil kraft gradvis vert fasa ut.


Lesarinnlegg av Kjell Mulelid

Elektrifisering av norsk sokkel

Eg såg Debatten på NRK1 med Fredrik Solvang sist veke, og endeleg forstår eg kan hende kva føremålet med ei elektrifisering er.


Dette er ei politisk målsetting som del av å nå klimamåla, men det som eg saknar blant mange politikarar, er at dei ikkje er like flinke til å peika på kva, eller kor dei skal henta denne krafta me treng ifrå. Det viser seg å vera lettare å overgå kvarandre i å fortelja kva, og kor, ein ikkje vil byggja ut fornybar kraft framfor å peike på realistiske løysingar. No treng me politikarar som stakar ut kursen for korleis me skal byggja fornybar energi.

Ådne Naper frå SV, (Leiar av Hovedutvalg for klima, areal og plan i Vestfold og Telemark fylkeskommune) skriv i Telemarksavisa, at i det nye fylket er det fire planlagde prosjekt som til saman vil eta opp omtrent heile kraftoverskotet i landet vårt. Som vi veit er det slett ikkje berre i dette fylket det ligg føre store planar om utbygging som krev mykje fornybar kraft.


Stortinget ber Tina Bru få opp farten med energiplan

Opposisjonen ber regjeringen vurdere å framskynde sin planlagte energimelding slik at den kan stortingsbehandles sammen med klimaplanen for 2021–2030.


Småkraft er ein del av løysinga – til glede for lokalsamfunna

Det er bygd ut småkraft nok til å dekka forbruket til om lag 550 000 husstandar. I åra framover har vi eit realistisk potensial til å byggja ut småkraft som samla (det som er bygd, og det som kan byggjast) vil dekka forbruket til om lag 1 million husstandar.

Eit gjennomsnittleg småkraftverk legg att 13,5 millionar kroner lokalt og omtrent tilsvarande nasjonalt i løpet av småkraftverket si levetid (Rapport: Thema Consulting). Det er over 1000 bygde småkraftverk i dag. Det blir årleg lagt igjen mykje fall-leigeinntekter til falleigarane/ bøndene.

Den norske bonden har bidratt med mykje kraft til energiomstillinga, og kan bidra med mykje meir om styresmaktene gir oss løyve. Krigen om dei fornybare elektronane vil bli litt mindre «blodig» om vi får produsera det vi er i stand til.

Krafta skal fram

Som me veit er elektrisk kraft ferskvare og må produserast i same stund som forbruket skjer. Det er difor viktig at me ikkje berre produserer nok kraft til eit årsforbruk, men at me også klarar å produsera nok elektrisk kraft til det me treng til ei kvar tid (effekt). Det er liten tvil om at skal me få til denne elektrifiseringa, må me også ha nett til å transportera elektronane gjennom. Det er difor viktig me aksepterer at det blir bygd naudsynte linjer, tilpassa det me treng både i forbruk og effekt for å få eit elektrisk samfunn.


Straum i Geiranger

– Minikraftverk realistisk løysing

To minikraftverk siglar opp som det mest realistiske alternativet for å få nok rein energi til Geiranger. El-tilførselen i dag er kritisk låg, og ein kan ikkje tilfredsstille auka etterspørsel frå m.a. el-bilar og bussar.


Mange av oss hugsar mastekampen i Hardangerfjorden, der det skulle byggjast ei kraftlinja med monstermaster mellom Sima og Samnanger for å skaffa kraft til Bergensregionen. Allereie no veit vi at einskilde nye industriprosjekt i Bergensregionen vert sett på vent grunna manglande nettkapasitet, og med auka elektrifisering vert dette problemet større i framtida om vi ikkje også legg til rette med ei tilpassa nettutvikling.

Om vi ser bort frå CO₂-utsleppa frå fossil energi, bør vi også stilla oss dette moralske spørsmålet: Er det rett at nokre få generasjonar skal bruka opp energiressursar på jorda som moder jord har brukt millionar av år på å laga? Er det ikkje meir moralsk riktig å gå over til å bruka ressursar som vil vera tilgjengeleg til evig tid?

All menneskeleg aktivitet på jorda fører til fotavtrykk i naturen. Slik er det, og slik vil det bli, men eg fryktar avtrykka vert større om vi ikkje legg til rette for ei utvikling med innfasing av fornybare elektron.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!