Dette må kommunestyret rydde opp i. Lov om folkebibliotek er veldig tydeleg på at kommunen skal ha fagutdanna biblioteksjef. Det einaste unntaket er dersom ein har lyst ut stillinga og ikkje fått fagutdanna søkjarar. Då KAN Nasjonalbiblioteket gje dispensasjon dersom kommunen har gjort eit ærleg forsøk.

Det er trist å sjå at formannskapet i Giske ikkje ein gong vil gjera eit ærleg forsøk. Kommunen ligg allereie langt under gjennomsnittet for folkebibliotektenester for sin type kommune. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) brukte Giske kommune 195 kr per innbyggar på bibliotek i 2020. Gjennomsnittet i like store kommunar er på 291 kr per innbyggar, i landet 295 kr per innbyggar.

I denne situasjonen, der Giske folkebibliotek har gått for lut og kaldt vatn i årevis, skal det altså kuttast meir. Ikkje nok med at det allereie er vedteke kutt i 50 % stilling ved at ein medarbeidar er flytta over som kultursekretær, ein skal kutte heile biblioteksjefsstillinga i 2/3 av året. Ein kjem til å gå ut av 2021 med under 100 kr per innbyggar til bibliotek.

Dette kan ikkje ein seriøs kommune stå for. Ja, Giske kommune har dårleg økonomi. Det er nettopp derfor ein har lovfesta krav innanfor nokre tenester, slik at kommunen ikkje kan fjerne oppgåver. Ein kan rett og slett ikkje vedta seg vekk frå lov om folkebibliotek, nett som ein må ha fagutdanna personar som rektor eller barnehagestyrar.

Giske kommunestyre: Rydd opp!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!