Men når ein kjem til skule og barnehage har ein ei forventning om at livet skal gå som normalt. Her har det med få unntak vore svært lite raudt lys!

Utdanningsforbundet har stor forståing for at ein skal skjerme barn og unge ved å halde barnehage- og skuletilbodet ope så langt det er mogleg. Men dette kan berre gjerast ved å sørgje for at dei tilsette vert varetekne gjennom eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.

Artikkelforfattar: Gerd Botn Brattli er fylkesleiar i Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Lærarar og andre tilsette i barnehage og skule opplever at ein som arbeidstakar kjem sist i køa når det gjeld å bli omfatta av smitteverntiltaka. I starten vart det argumentert med at barn og unge ikkje var smitteberarar og at det derfor ikkje var naudsynt med anna enn gult nivå, noko som i praksis har innehalde handhygiene og litt avstand. Med dei muterte virusvariantane har vi sett ein anna smittespreiing. Likevel måtte Utdanningsforbundet presse på styresmaktene for å få smittevernveiledarar som var tilpassa den nye situasjonen. Dess har no kome og skal gjelde frå midten av april, då har dei tilsette gått eit heilt år med svært mangelfullt smittevern.

Dei nye veiledarane er heller ikkje gode nok slik Utdanningsforbundet vurderer dei. Det er lite som tyder på at den reviderte utgåva er meir tilpassa muterte virusvariantar som smittar lettare.

Det er uforståeleg for mange som jobbar i skulen at nye avstandsreglar på to meter ikkje også skal gjelde der. For mange bør-formuleringar og for få skal-formuleringar gjer at veiledarane verkar mindre forpliktande. Utdanningsforbundet har påpeika overfor utdanningsdirektoratet at dei justerte veiledarane ikkje bidrar nok til å gi tryggleik for elevar, føresette, lærarar, leiarar og andre tilsette, spesielt ikkje i område med mykje smitte.

Dei tilsette i skule og barnehage er heller ikkje prioriterte i vaksinekøa sjølv om dei i høgste grad no kan vere eksponert for smitte. Framlegget om å prioritere lærar i vaksinekøa vart nærmast latterleggjort i media. No først ser det ut til at FHI vil anbefale at desse yrkesgruppene kan bli prioriterte. Medan andre yrkesgrupper nærast vert pålagde heimekontor opplever lærar i skulen at dette sit langt inne å innvilge frå arbeidsgivar si side. Lærarar kan gjere mykje av arbeidet som ikkje er knytt til undervisning frå sine heimekontor på lik linje med andre yrkesgrupper.

Lærarar, leiarar og andre tilsette i barnehage og skule må no varetakast med eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø! Utan desse yrkesgruppene vil ein ikkje kunne oppfylle det som er det viktige målet for regjering og storting at born og unge skal skjermast. Eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø er eit arbeidsgivaransvar.

Vi kan ikkje la desse yrkesgruppene stå sist i køa lenger!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!