Men dei ber ikkje om så mykje. Alt dei ønskjer seg er nok midlar til å drive ei forsvarleg og moderne teneste i henhold til biblioteklova.

Enten er økonomien i Kommune-Noreg veldig ujamt fordelt, eller så er det ambisjonsnivået i den enkelte kommune som varierer sterkt. Stillinga som bibliotekleiar i Giske er foreslått vakant, i første omgang ut året.

Dermed blir driftsbudsjettet per innbuar til biblioteket i Giske heilt på botn i Norden. Tilsvarande driftsbudsjett i kommunane nemnt over er også under landsgjennomsnittet, men dei gjer ambisjonane sine synlege med nye, tidsmoderne bygg og innreiingar.

Imens bryt Giske kommune lova ved ikkje å erstatte sin fagkvalifiserte leiar når ho går av. Lova er femti år gammal i år. Vil Giske tilbake til 1960-talet? Dette ville ikkje kommunen ha gått med på om ein forstod kva ein fagkvalifisert leiar gjer og kva ei moderne bibliotekteneste er i lokalsamfunnet.

Sett i forhold til folketalet og med dei korte opningstidene som er skissert, vil ikkje biblioteket kunne gjere meir enn låne ut nokre bøker, slik ein gjorde på 60-talet. Ikkje berre bryt ein lova, men ein forstår ikkje krava lova stiller.

Eg har inntrykk av at biblioteket har vore sultefora lenge. I så fall har ein verkeleg fått valtua for pengane frå bibliotekleiaren som nå går av. Ho var lenge også ein veldig kreativ person ved fylkesbiblioteket.

Det er sjølvsagt vanskeleg når økonomien er dårleg. Da ser ein berre krone og øre. Men dette er ikkje greitt. Det er andre perspektiv å få auga på. Ein kommune på storleiken med Giske skulle, basert på landsgjennomsnittet, ha tre heile stillingar i biblioteket. Men ein legg opp til ei halv stilling utan nokon forsikring om kor lenge dette ville vare. Dette er ikkje det moderne Norge verdig.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!