Ikkje berre skal ein lenger halde kontakten med vener og familie, men òg handsame komplekse jobbprosjekt og viktige kundar, medan hunden lograr mellom beina.

Eg har sjølv kjend vi viktigheita av dette.

Distrikta lid mest

På tala ser vi at det er svært store geografiske skilnadar i breibandtilgang. Nye tal frå NKOM viser at så mykje som 80 % av befolkninga i enkelte fylke ikkje har tilgang på breiband som tilfredsstiller krava til høghastigheitsbreiband. Om lag 100 000 personar i Noreg manglar òg tilgang til den lågaste hastigheita på 30 Mbit/s.

Samstundes har bruksmønsteret òg endra seg. Dei største oppgåvene og hyppige videomøte, som vi tidlegare kunne bruke eit godt bedriftsnett til, må no taklast av nettet i stua. Kombinert med fleire brukarar på same tid, held det ikkje mål.

Skapar større samfunnsskilje

Godt breiband handlar ikkje berre om å kunne kommunisere med jobb, familien og vener – det handlar og om mogelegheita ein har til å kunne ta del i samfunnsutviklinga. Uavhengig av koronasituasjonen har bruken av ny teknologi eksplodert i dei seinaste åra.

Digitale verktøy blir ein stadig større del av kvardagen, og utan å ha dei reiskapane ei treng, kjem ein ikkje langt. Mangelen på breiband gjer det vanskeleg for folk, både i byar og distrikta, å gjere det arbeidet både notidas og framtidas arbeidsgivarar krev.

Ikkje berre i distrikta

For det er ikkje berre i distrikta tilgangen ikkje tilfredsstiller krava. Sjølv i Oslo bur det kring 6000 personar som ikkje har god nok nettilgang til å delta i samfunnet på lik linje med andre.

Også i min eigen heimby, Ålesund, fell kapasiteten ofte under brukbart nivå – sjølv i sentrum. Både i jobb og i dagleglivet er eg heilt avhengig av god tilgang på nett, og ute på reise er det ikkje alltid eg kan henge med i like stor grad.

Alternativt statsbudsjett

I det digitale samfunnet vi no er inne i, må alle ha lik moglegheit til å delta – både i bygd og by. Trass i at breibandet er viktigare enn nokon gong, har den sittande regjeringa kutta støtta til breibandutbygginga med 140 millionar i statsbudsjettet for 2021.

Regjeringa legg òg opp til at private aktørar skal gjere utbygginga. Ofte er ho ikkje lønnsam nok i distrikta, og blir difor nedprioritert.

Senterungdomen vil fremje digital allemannsrett ved å gje heile landets befolkning tilgang til mobildekning og raskt breiband.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!