Stranda KrF viser til Sunnmøre Regionråd og Nordfjordrådet sine uttalar om behovet for ny tunnel på rv. 15 Strynefjellet. Denne vegstrekninga mellom Stryn og Skjåk er hovudtransportåra mellom vest og aust for næringsliv/reiseliv og innbyggjarar på Sunnmøre, i Nordfjord og i Ottadalen.

Ein ny planlagd Strynefjellsveg med vegarm til Geiranger vil erstatte dei 40 år gamle og smale tunnelane og gi turistbygda Geiranger heilårsveg til/frå aust.

Geiranger er eit av bygdelaga i Stranda kommune som har vinterstengd veg frå/til aust. Kvar vår ventar turistbygda på gjennombrøytt veg over Geirangerfjellet. Opninga kan skje medio mai, men mange år blir vegen opna langt uti juni. På hausten blir vegen stengt på kort varsel på grunn av vertilhøva.

Reiselivsbedriftene i Geiranger har store utfordringar med planlegging av verksemda i sommarhalvåret då ingen kan fastsette tidspunkt for vegopninga. Det er svært positivt for bygda å vite at planane for den nye Strynefjellsvegen har ei trafikkløysing med vegarm til Geiranger.

Stranda Kristeleg Folkeparti utfordrar Regjeringa og Stortinget til å leggje inn oppstart av vedtatt konsept B1 for rv. 15 Strynefjellet med vegarm til Geiranger i første periode av Nasjonal Transportplan 2022–2033.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!