Nei, vi flagga ikkje for bomring. Vi flagga for byutvikling.

Vi flagga for ny Lerstadveg som vil endre Lerstad bydel for all framtid ved at ei støande, støvande, forurensande trafikkåre vert lagt under bakken. Den nye vegen vil dessutan svelge unna så mykje trafikk at også bebuarane langs Borgundvegen på Åse og Hatlane vil merke stor skilnad.

Vi flagga for ny veg frå Waterfront hotell og ny bru over Brosundet som gjer at utviklinga av Sørsida kan skyte fart med bustader, kulturhamn og venteleg også ny vidaregåande skule.

Vi flagga for nytt kollektivknutepunkt på Campus godt tilpassa det nye studenthuset og NMK.

Vi flagga for tryggare skuleveg og trafikksikringstiltak på Hessa, Skarbøvika, Aspøy, Bjørge på Ellingsøy, Myrland, Hatlane, Emblemsvågen, Volsdalen og fleire andre stader.

Vi flagga for ei stor utbetring av fylkesveg 60 frå Blindheim til Flisnes med rundkøyring ved Blindheimshallen og omlegging av det trafikkfarlege Puskholakrysset.

Vi flagga for ny påkøyringsrampe E39/Myrland.

Vi flagga for raskare framføring av kollektivtrafikk og tryggare og ferdsel for syklistar.

Så skulle vi sjølvsagt også hatt med Brosundtunnelen i bypakken, men der møtte vi veggen hos Samferdselsdepartementet i 2019. Den historia er det så mange variantar av at eg lar det ligge. Poenget er at fleirtalet i bystyret valde å ofre Brosundtunnelen for i det heile tatt å få vedtatt ein pakke.

Flagg eller ikkje flagg – bypakken kjem til å endre Ålesund. Sjølve byggeperioden før alt er ferdig vil ta omtrent 10 år. Og frå 2022 vil vi ha bompengar i Ålesund for å finansiere denne utbygginga. Bompengeperioden vil vare til alt er nedbetalt – maksimum 15 år. Utrekningane så langt tilseier at det vil ta mellom 11 og 13 år med bompengar.

Og ja – vi som er avhengig av bil betalar for dei som klarar seg med kollektiv og sykkel. Fleire av oss vil nok bruke bilen eller sykkelen til bomringen og satse på kollektiv derifrå. Men for mange bilistar vil denne utbygginga betyr meirkostnader i mange år. Det er ikkje derfor vi flaggar. Det er berre slik norsk vegbygging i byar er finansiert. Alternativet er å kutte ned på pensjonen til framtidige generasjonar eller auke skatten. Eg synest det er langt dårlegare alternativ.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!