Om Raudt hadde vore i regjering den gongen tyder lite på at partiet hadde stoppa Haram Vindkraftverk, dei grøne sertifikata og vedtaka om vindkraftsatsing på land i Norge.

Sanninga er at både SV og Raudt i lag med fleire andre parti, har hatt ei reise får naiv entusiasme til meir realistisk skepsis med tanke på miljøulempene vindkraft medfører.

Eg trur at veljarane er rimeleg trygge på kvar eg står i denne saka om eg skulle få tillit til å representere Møre og Romsdal på Stortinget. SV vil ha ein heilskapleg energi og miljøpolitikk og meir politisk styring av energibransjen, fordi naturtapet og arealendring er eit like stort problem som klimaendringane. SV vedtok eit NEI til meir storskala vindkraftutbyggingar på land og i havet langs kysten, fordi ein ser at ein må ta meir omsyn til natur og miljø framover.

SV vil ha ei kunnskapsbasert forvaltning, meir krav til kvalitet på utgreiingar, og eg ynskjer tydelegare krav til kriterium for utøving av skjønn i statsforvaltninga. Eg vil ha meir ressursar og miljøkompetanse til kommunane. Eg vil at miljøstyresmaktene skal sterkare inn og kvalitetssikre kunnskapsgrunnlag, samt ha ei rolle i klagesaker.

SV meiner vi må sjå økonomi og miljø meir i samanheng, og ha eit klima og miljøbudsjett der ein vert meir bevisste på konsekvensane av utbyggingsvedtak og for den del forbruk av energi. Når Statnett får store mengder søknader på kraftkrevjande tiltak som har svært varierande samfunnsnytte, må vi spør oss om konsekvensane og prioritere energibruken. Vi må rett og slett få meir politisk kontroll over energisektoren og ikkje la marknaden styre åleine. Vesentleg i diskusjonane må både vere kva vi skal bruke energien på og korleis vi skal forvalte areala. Det er dårleg miljøpolitikk å bygge bitcoinsenter for å seie det slik.

Å avlyse SV som eit miljøparti på grunnlag av at vi ikkje sa nei til ein teknologi blir for enkelt. Diskusjonane om retning og prioriteringar på energiområdet er på langt nær ferdige med desse strenge programvedtaka til Raudt og SV.

Arbeidsprogram er viktige, men politisk gjennomslag vil vere avhengig av alliansar. Då er det ingen vits i å fortsette å øydelegge vindkraftkampen slik Raudt gjer med desse debattinnlegga. SV vil kjempe vidare med å få ned forskjellane, og bevare biologisk mangfald og natur. Eg ynskjer Raudt lykke til vidare med valkampen.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!