Meir overraskande er det at leiaren i Sunnmørsposten konkluderer med at kunnskapsministeren ikkje lyttar til råd, at ho vinglar og nøler. For meg som er lærar, og kjenner innsatsnivået til elevane fordelt utover skuleåret, er det slett inga overrasking at denne avlysinga måtte kome så seint så råd, om den skulle kome.

Det fungerer rett og slett slik at når ministeren meddeler at munnleg er avlyst, så får elevane melding om at vi no kan ta sommarferie tidlegare enn planlagt. Difor opplevde eg det som strategisk klokt av ministeren å vente så lenge ho kunne. Ho avlyste akkurat så seint at alle elevane var førebudde på munnleg eksamen, men slapp den intense førebuinga, og gjennomføringa.

Smittesituasjonen har vore ustabil lenge, og vi har lenge vore klar over at ei avlysing kunne kome, noko redaktøren stadfestar at ho har visst, sjølv om ho meiner ministeren har kommunisert utydeleg. Om beskjeden hadde kome tidlegare, ville ikkje mange då ha lagt ned innsatsen tidlegare? Slik fungerer rett og slett skulesystemet vi har i dag. Det handlar om å prestere der ein må, og dersom ein har ein mogleg eksamen i vente så jobbar ein for å kunne få eit godt resultat når dagen kjem. Dette motiverer både elevar og lærarar til auka innsats.

Når leiaren meiner kunnskapsminister Guri Melby (V) burde ha teke avgjerda før, fordi ministeren har «kjempesympati» med elevane, så er eg ikkje samd. Klart Melby har sympati med dei som sveittar over bøkene, og det har vi andre også, fordi vi veit at det er krevjande å studere. Men hard jobbing trengst, og dei fleste som har vore der skjønar kva det handlar om. Om ein har sympati med elevane, så er det ikkje dermed sagt at ein bør fjerne trykket. Det er ein del av løysinga for å byggje kunnskap.

Mange stader er det så låg smitte at ein har hatt eit tilnærma normalt skuleår, medan andre stader har det vore stadig heimeskule, og såleis også meir ujamn innlæring. Godt for nokon, ille for andre.

Sjølv har eg tenkt at det har vore gjennomførleg å avhalde munnleg eksamen, og heller gitt fritak somme stader, grunna i smittesituasjonen. Men når ministeren no vel å frita alle, så set ho likheitsprinsippet først. Dermed får ingen den fordelen det er, eller ulempa i andre sitt syn, å få vist fram kunnskapen sin, testa seg på formatet munnleg eksamen, og blitt ei erfaring og ein karakter rikare.

Kunnskapsminister Melby har vist at ho lyttar til innspel, samtidig som ho skjønar at ei avlysing må kome seint for å halde læringstrykket oppe. Og hadde smittesituasjonen endra seg til det betre, så hadde det faktisk vore mogleg med gjennomføring.

Ja, det ville ha vore forventa lågare resultat, men det hadde også vore god dokumentasjon på korleis ei skulenedstenging påverkar innlæringa. Men kan vi seie det ikkje er likeverdig eller rettferdig, slik leiaren i Sunnmørsposten hevdar? Ikkje meir urettferdig enn at ein trekkjer fag, og nokon får fag dei er sterkare i og andre er uheldige og trekkjer fag dei strevar med, meiner eg.

Takk Guri Melby! Du har igjen vist at du kjenner området du er minister for, at du reflekterer over innspela du får, og at du kan ta ei vanskeleg avgjerd når det trengst.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!