No ventar me alle på at sjølve bygginga av den nye fjøsen skal starte opp.

Sentralt i den samanheng er funksjonsprogrammet for fjøsen som politikarane skal vedta i fylkestinget no i juni. Funksjonsprogrammet seier i grove trekk kva funksjonar bygget skal ha og kor stort det skal vere. På Gjermundnes ynskjer me oss ein moderne lausdriftsfjøs for mjølkeproduksjon. Mjølkeproduksjon er berebjelken for landbruket i fylket, og står sentralt i opplæringa vår. For å kunne utdanne den neste generasjonen med bønder må me ha ein fjøs som er relevant for det dei møter ute i næringa.

Ein ny undervisningsfjøs skal vere eit løft for elevar, dyr og tilsette ved skulen. Me må ha ein moderne fjøs, med fasilitetar som gjer det mogleg å ha med større grupper av både elevar og besøkande. For å kunne drive forsvarleg undervisning og produksjon i eit fjøs må ein ha særleg strenge krav til HMS og smittevern. Dette gjer prislappen større for fylkeskommunen enn for ein vanleg bonde.

Mjølkeproduksjon er ein grasbasert produksjon, og for ein berekraftig ressursbruk bør det vere samanheng mellom grovfôrarealet på skulen og talet på dyr. Me gler oss til å kunne ta i bruk ein ny fjøs med moderne løysingar og stort fokus på dyrevelferd.

Når fylkespolitikarane skal møtes igjen i juni må dei stå for løftet dei gav i desember, og sørge for at ungdommane i landbruket får ein undervisningsfjøs for framtida.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!