Barneborna våre vil med andre ord mangle utdanna lærarar. Allereie no er det i grunnskulen i Møre og Romsdal 14 % av lærarane som underviser på dispensasjon. Altså dei har ikkje kompetansen som eigentleg er kravd. På vidaregåande er det same talet heile 20 %, og det høgste talet i heile landet. Dette er skremmande.

Gjennom utdanning og mange års erfaring sit vi som lærarar på ein kompetanse som er svært verdifull. Vi er så heldig og får vere med å bygge opp framtida. For det er nett det dei er. Alle desse unike og særeigne borna vi kvar dag får møte. Det er nesten litt skremmande å tenke på det ansvaret vi som lærarar sit med, men med ei solid utdanning i botn er det noko vi taklar.

Utdanningsforbundet har gjennom ein undersøking avdekt at så mykje som 50 % av lærarane i grunnskulen i Noreg har søkt eller vurderar å gå over i andre jobbar. Eg er ein av dei. Eg elskar yrket mitt og relasjonane eg har med borna, men eg kjenner at det er ikkje nok. Undersøkingar gjort av SSB viser at vi i Noreg har 40 000 ferdig utdanna lærarar som har valt seg vekk frå læraryrket. Det som går igjen som grunn er lav lønn og liten anerkjennelse for jobben som blir gjort. Dette er trist.

Når vi (UNIO) då prøver å sette dette på agendaen og krev ein reallønnsvekst og ikkje reallønnsnedgang (vi treng meir enn applaus for å betale rekningane). Og vi set fokus på kvalitet og kompetanse i skule-Noreg, og ynskjer at borna i framtida også skal få ein lærar som er utdanna og som har kompetanse til å møte dei der dei er. Då vel regjeringa å gå inn og avslutte streiken med eit forbrenningsanlegg i Fredrikstad som grunngjevnad. Kva skjedde?

Eg er provosert, frustrert og oppgitt men mest av alt er eg så lei meg på vegne av vesle Marthe som i framtida ikkje får den hjelpa ho treng når ho slit med avkodinga og når tala berre sviv i hop og ikkje gir noko meining. At Per aldri fekk oppleve verdien av eit venskap fordi der var ingen som kunne rettleie han og hjelpe han til å meistre sinneutbrota sine. Og så har vi vesle, stillferdige Kari som ikkje har det godt heime, men der ingen fangar opp dei skjulte teikna på at det går føre seg noko i heimen. Det er dette eg er lei meg for. For vi står ikkje berre å underviser, vi har ein viktig samfunnsfunksjon på så mange måtar. Og eg kjenner at eg er skuffa over at vi ikkje blir anerkjent for jobben vi gjer, og ikkje minst for at høgare utdanning skal og må løne seg.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!