Ein kommune som består av dei fire gamle landkommunane, Sandøy, Skodje, Ørskog og Haram, ville nok eg trivast i, men kor realistisk er det å få dette til på kort sikt? Beste tidspunktet for reversering er nok etter Stortingsvalet 13. september, då har diskusjonen gått prinsipielt nasjonalt. Senterpartiet m.a. har programfesta å støtte reversering for kommunar og fylke som ønsker det. Det må også bety at dei legg pengar på bordet til prosessen. Ap er litt meir utydeleg, men ikkje heilt imot.

Dei fire mennene i det i sjølvoppnemte styret i Haram er villige til å gjere jobben, og dei har brukbar tillit. Den kvinnelege halvparten av folket er ikkje godt representert her, men det er kanskje ikkje så farleg denne gongen.

Då går ein tilbake til eit kjent system, med ei erfaring rikare – på godt og vondt, mest det siste. Men ein kan lære av feil. Då blir det opp til innbyggarane, kommunetilsette og lokalpolitikarane å skape ein kommune der alle kan trivast og ha det dei treng.

By og land, hand i hand, heitast det. Her kan dette synast umogleg, når byen ser seg sjølv som den viktigaste, og gjer oss i distrikta til økonomiske mjølkekyr for dei.

Eit lite døme på haldningar som rår: Eg hadde ein samtale med ein kommunetilsett, lokalisert i byen. Eg nemnde det geografiske namnet Steinshamn på Harøya, som no er ein del av Ålesund. Ho burde ha kjent det, for det ligg innanfor hennar administrasjonsområde, men det gjorde ho ikkje. Ho kunne svart høfleg og beklaga. I staden gav ho tydeleg skin av at det var eg som var dum, når eg venta at ho som sentrumsdame skulle vite dette. Eksempelet avspeglar haldningar/ ideologiar som er ein sterk bremsekloss for likeverdig utvikling; dette er ein slags «kolonialisme»: Byen skal tene økonomisk på distrikta, vi skal vere til for dei, og vi er mindreverdige i forhold til dei.

For innbyggarane i Haram vart det stor auke i dei kommunale avgiftene og honorara for heimehjelp-tenester. Det vart eigedomsskatt, leiga på kommunale bustader auka, somme lærarar fekk redusert lønna, o.s.b.

Haram var ein industrikommune, med vel 2000 aktive industriarbeidarar. Kommunesenteret Brattvåg har respekt og tradisjon for å legge til rette for arbeidsfolk, utlendingar, ja, dei som treng litt ekstra. Brattvåg har to store maritime verksemder og eit par mindre sjømat-relaterte fabrikkar. Innanfor ein radius på eit par kilometer frå jobben har dei tilsette der tilgang til vaksenopplæringa med norskundervisning, sørvistorget i kommunen, treningsstudio, tannlege og fysikalsk institutt, helsesenter og bibliotek, hotell, kafear og restaurantar.

Å legge ned vaksenopplæringa der, som administrasjonen i Ålesund kommune no har gitt melding om, utan vedtak i kommunestyret, er eit arrogant hån mot gjestearbeidarar og nye landsmenn som treng språkopplæring både for jobben og for å kunne bli integrert i ei sosial og vennlegsinna bygd.

Norske industribygder bør hegnast om, ikkje svekkast. Dei skaper verdiar, til beste for økonomien i heile landet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!