No skulle det bli sving på sakene, møte skulle haldast og saka skulle verte prioritert i forhandlingane i kommunesamanslåinga. Så klarte dei å få oss med i storkommunen, den saka får vi la ligge no.

Dei to siste åra har vi venta trufast på at Telenor skulle legge fiberkabel i Engesetdalen. Det vart halde orienteringsmøte med Telenor då det var avklara at dei skulle få anbodet om å legge kabel. Der var det berre godlydar, dette skulle skje fort, ein måtte berre først skrive kontraktar før ein kunne bygge ut.

Slik har vi blitt heldne for narr no i lengre tid, her er utdrag frå eposter frå Telenor:

Bestillingsbekreftelse 2.10.2019, då var det antyda på ettersommeren 2020.

  • 22.5.2020: Prosjektet for fiber har ferdigdato 31122020, du vil få videre info via prosjektet.

  • 26.8.2020: Vi estimerer at fiberlinjen din vil bli klar innen 31.03.2021

  • 11.9.2020: I samarbeid med lokale entreprenører starter vi i tiden fremover utbygging av fremtidens fibernett i nabolaget ditt. I en periode vil det derfor kunne pågå anleggsarbeid i området der du bor. Vi håper ikke dette vil medføre ulemper for deg, og ber om forståelse for at det i enkelte tilfeller kan føre til redusert fremkommelighet.

  • 11.12.2020: Mens du venter på fiber: Utbyggingen går sin gang og du kan snart glede deg over dine nye fibertjenester. Mens du venter på fiberinstallasjonen, anbefaler vi deg å lese igjennom relevant informasjon som kan vere nyttig for deg å kjenne til før du får installert dine nye tjenester.

  • 28.1.2021: Ny planlagt dato for ferdigstilling er innen 04.05.2021.

  • 20.3.2021: Ny planlagt dato for ferdigstillelse av din fiberlinje er innen 18.06.2021

  • 31.5.2021: Prosjektet har planlagt oppstart 29.10.2021. Du blir da kontaktet av entreprenør når installasjon nærmer seg.

Dette viser at prosjektet foreløpig er blitt om lag eitt år forsinka, etter lovt ferdig dato. Vi har ikkje fått anna enn generell reklame frå dei. Dei gangane dei har gitt oss datoer og konkrete lovnader, er det vi som måtte ta kontakt og be om informasjon. Etter siste purringa vår, har vi ved kontakt til Ålesund kommune, fått opplyst at det er problem med å få opp stolpar i linja. Telenor har ikkje gitt slike konkrete opplysningar i det heile tatt!

At dei no, snart to år etter at dei starta på planlegginga av prosjektet, har funne ut at det er problem med stolpar og utskifting av dette, må vel kunne kallast ei dårleg planlegging.

Vi reagerer sterkt på den likegyldige haldninga Telenor har vist overfor dei som har inngått kontrakt for prosjektet. Det minste dei burde gjere, var å halde kundane orientert på ein god måte med konkret årsak til den stadige utsettinga. Det er trist at vi er så bundne til ein utbyggar, vi har ikkje så mange val. Men det er berre første året, etter det vil eg tru at det vert vanskeleg for Telenor å halde på kundane her i distriktet.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!