Astrid Eidsvik har hatt tydelege forventningar både til eigne tilsette og til oss politikarar. Begge deler har vore konstruktivt i den omstillinga vi har stått i. Det har også gitt spelerom for oss politikarar til å kunne vere tydelege i våre forventningar til administrasjonen.

Så skal ingen sei at kommunesamanslåinga har gått som smurt, og framleis er vi ikkje heilt i mål. Mange vil tilbake til det gamle – men la det ligge no.

Det som har imponert meg mest med Astrid si styring er kor samstemt den administrative toppleiinga har vore i sine analysar. Det er heilt tydeleg at det ligg ei grundig fagleg forankring i den retninga kommunedirektøren peikar. Ho fylgjer ikkje ver og vind, men står stødig fordi ho har hatt ein grundig gjennomgang med sine fagfolk før ho landar.

Astrid set kompetanse høgt. Det er lett å sjå. Kompetanse kostar, men for eit kvart firma – offentleg eller privat – er det langt dyrare å tilsette folk med feil eller manglande kompetanse. Eg er overtydd om at tida vil vise at noko av det viktigaste Astrid har gjort for den nye kommunen, er å rekruttere gode, trufaste og kompetente leiarar.

Så er ikkje alt løyst med det – og vi har mykje å ta tak i framleis.

Men Astrid har gjort ein kjempejobb – og fortener stor takk.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!