Organisasjonen «Haram ut av Ålesund» reagerer sterkt på ein uttale statsminister Erna Solberg kom med til avisa Møre-Nytt for ei tid tilbake.

Sunnmørsposten og Bygdebladet hadde også same oppslag.

Der seier ho mellom anna at ho no høyrer at det er uro i gamle Haram kommune, men reknar med at det vil roe seg ned.

Ein slik uttale frå statsministeren er svært provoserande og utruleg maktarrogant, og viser at ho slett ikkje har sett seg inn i kva folk frå gamle Haram protesterer mot!

Ho viser til at kommunesamanslåingane kom berre månader før pandemien råka landet, og at det er imponerande at det har gått såpass bra trass i dei utfordringane kommunane har hatt i denne perioden.

Ja, pandemien har skapt utfordringar, men det statsministeren kallar URO i gamle Haram, har garantert ikkje så mykje med pandemien å gjere. Det folk reagerer sterkt på, og vil ut av berre halvtanna år etter tvangssamanslåinga, er alt gjennomførte og nyleg varsla nedskjeringar på viktige kommunale tenesteområde som helseomsorg, skule, barnehage samt dårleg, dyrare og langtekkeleg saksgang på ulike område. I tillegg kjem no eigedomsskatt og auka kommunale avgifter.

Det er mogleg at samanslåinga av Volda og Hornindal har vore vellukka, det vil ikkje eg uttale meg om. Men tvangssamanslåinga av Haram har skapt eit sterkt opprør blant folk: Dette vil vi ut av.

Etter at aksjonen «Haram ut av Ålesund» starta, har det kome inn godt over 4.000 underskrifter som støttar folkeaksjonen, og det tikkar jamt inn nye. Dette er noko statsministeren må ta på største alvor!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!