Ved å starte ei samanslåing og eit samliv med eit heilt nytt namn, kan to undervisningskulturar samlast om noko heilt nytt som ingen av dei eig frå før.

Sjølv hadde eg tre fine år på Fagerlia vgs., og det same hadde to av barna mine. Det var viktige år på veg inn i eit vaksenliv med modning, nye tankar, lærarar som eg alltid vil hugse og ha eit forhold til, og mange gode vennskap som har vart i fleire tiår. Fagerlia vgs. var og er skulen min, og eg kastar alltid eit blikk opp når eg køyrer forbi. Eg var ikkje store jenta då skulen var ny og faren min og eg køyrde forbi, og han slo bombastisk fast «Der skal du gå om nokre år!»

Men no skal to skular slå seg saman og samle seg om eit nytt namn. For begge institusjonane, Ålesund og Fagerlia, vil det kanskje kjennest som eit lite identitetstap om dei veljer eit av dei opprinnelege namna. Så kvifor ikkje samle seg om eit heilt nytt?

Mitt forslag er Ambrosia Tønnesen videregående skole. Vi har sett ein trend no at det er blitt større bevisstheit rundt kvinner når det kjem til namnegiving av gatenamn og institusjonar. Fleire gater får namn etter kvinner, og i Volda heiter til dømes det eine bygget på høgskulen «Berte Kanutte».

Mange har kanskje ikkje høyrt om Ambrosia Tønnesen? Ho blei fødd i Ålesund 28. januar 1859 og var elev ved Ålesund borgarlege pikeskole. Ho var ei kvinne som skulle kome til å kjempe for å hevde seg i ein mannsbastion som kunstnar, nemleg bildehogging. Det er skulpturar laga av Ambrosia Tønnesen både i Ålesund kyrkje og på Parken kulturhus. I biografien om henne, «Ambrosia Tønnesen, stenhugger i det fine», skriv kunsthistorikar Jorunn Veiteberg: «Men slik gløymsla senkar seg over minnesmerka, slik glir også dei fleste kunstnarane ut med tida, ut av historia, om ikkje forteljinga om dei blir gitt vidare».

Vi får no eit genuint høve til å halde forteljinga om Ambrosia Tønnesen levande! Med eit slikt namneval kan vi ikkje berre heidre og løfte fram ein lokal kunstnar og slik synleggjere historia, vi kan også gi dei to skulane høve til å tenke ein stor og overbyggande tanke rundt ein samlande og felles identitet.

Ambrosia Tønnesen vidaregåande skule er eit langt namn, men vi har mange skular i landet kalla opp etter personar. Få av desse har namn etter kvinner. Men i det daglege blir det nok ein kortare variant. «Til hausten skal eg begynne på Ambrosia». Det er då ein vakker klang over det?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!